Reiseplanleggar/Saksbehandlar
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Reiseplanleggar/Saksbehandlar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Seksjon for Pasientreiser har ledig eit 100% vikariat som reiseplanleggar/saksbehandlar. Stillinga har arbeidsstad ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Opplæring vil gå føre seg ved hovudkontoret i Ålesund. Sporadiske reiser til hovudkontoret må påreknast, samt noko reiseaktivitet i fylket i samband med oppfølging av rekvirentar.
Vi ser etter deg som er strukturert, lyttande og engasjert – og som trivst med å jobbe sjølvstendig. Du vil få ei viktig rolle i å planleggje og koordinere pasientreiser, gi rettleiing og støtte til pasientar og rekvirentar, og bidra til at reiseopplevinga blir så god som mogleg.
Pasientreiser er ein del av Klinikk for prehospitale tenester, og består av Bil- og båtambulanse, AMK-sentralen (113), Luftambulanse og Pasientreiser. Seksjonen består av om lag 20 årsverk, og vi samarbeider tett for å sikre trygg og effektiv transport for pasientar til og frå behandling.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!
Arbeidsoppgåver
- Reiseplanlegging og koordinering av transport
- Saksbehandling og rettleiing i tråd med pasientreiseforskrifta
- Brukarstøtte og opplæring i system og regelverk
- Oppfølging av transportørar og rekvirentar
- Aktiv deltaking i forbetringsarbeid og utvikling av seksjonen
Kvalifikasjonar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse og erfaring med kontorstøtteverktøy
- Erfaring frå saksbehandling, kundeservice eller logistikk er ein fordel
- Fullført vidaregåande utdanning
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, samarbeidsorientert og sjølvgåande
- Strukturert og ansvarsbevisst
- God evne til å meistre stress og krevjande situasjonar
- God til å byggje relasjonar
Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Esben Magnell, Seksjonsleiar, esben.magnell@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5050341117
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aad8f4d2-08d6-4bf9-9fbc-f53abf042edc
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3860747483a9410e9af87b97c417421f
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Radiologi kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Sjukepleiar 100% vikariat i turnus med langvakter
Arbeidsgiver
Vestnes kommune Heimetenestene
Sted
Vestnes
Rådgiver helse- og tjenesteutvikling
Arbeidsgiver
Molde kommune Stabsnivå sektor helse og omsorg
Sted
Molde