Bygningsvernrådgiver og Tradisjonshåndverker
Museumssenteret i Hordaland
Havrå, Bruvikvegen 264, 5286 Haus, Salhusvegen 201, 5107 Salhus
Om jobben
- Stillingstittel
- Tradisjonshåndverker
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Om stillinga
MUHO (Stiftinga Museumssenteret i Hordaland) er eit museum med fleire avdelingar som forvaltar og formidlar historiske natur- og kulturminne. I Kulturverntenesta tilbyr vi og tenester innan bygningsvern og konservering for private og kommunar i regionen.
I MUHO har vi meir enn 100 kulturhistoriske bygg i samlingane og to av våre anlegg er freda.
Vi har no ledig 100% fast stilling, i ei delt rolle som bygningsvernrådgiver og tradisjonshandverkar.
Vi ser etter deg som kan bidra med drivkraft og engasjement for å utvikle og løfte MUHO og Kulturverntenesta sitt fagleg arbeid, og vere med å skape gode relasjonar med våre samarbeidspartnarar, nettverk og besøkande.
Stillinga vil ha breidde i dei faglege oppgåvene, frå praktiske byggoppgåver, ivaretaking og dokumentasjon, til rådgjeving og formidling. Deler av stillinga vil vere knytt til istandsettingsprosjekt eller vere knytt til eksterne oppdrag innan rådgjeving, byggoppdrag og kursverksemd.
Dette er stillinga for deg er opptatt av bygningsvern og tradisjonshandverk. For den rette kandidat kan det være gode mogleheiter til å bidra til å utvikle bygningsverntenesta og styrke tradisjonshandverket i MUHO.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er delt mellom rolla som bygningsvernrådgjevar (50%) og rolla som tradisjonshåndverkar (50%).
Bygningsvernrådgjevar inngår i teamet knytt til rådgivingstenester og bygningsvern.
Det inneber mellom anna:
- tilstandsvurdering
- Rådgjeving
- Veileding i høve søknadsmoglegheiter
Tradisjonshandverkar har oppgåver knytt til forvaltning, sikring og vedlikehald av bygningssamlingane, særleg på avdelinga Havrå.
Dette inneber mellom anna:
- tilstandsvurdering av antikvariske bygg
- sikring og fast tilsyn.
- Utarbeide søknader og praktisk gjennomføring av tiltak.
- Delta i formidlingsoppgåver særlig knytt til museet si kursverksemd.
- Eksterne oppdrag.
- Forefallande oppgåver knytt til drift av museet.
Kvalifikasjonskrav
Du har:
- relevant utdanning, eksempelvis fagbrev eller meisterbrev innan relevant handverk, eller arkitekt.
- erfaring med handverk/tradisjonshandverk.
- erfaring med prosjektarbeid
- kjennskap til relevant lovverk
- erfaring med dokumentasjon, søknad - og rapportskriving
- gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- erfaring og kompetanse med bruk av generelle dataverktøy
- erfaring med søknadsportaler
Det er ein fordel med:
- fagskule innan bygningsvern eller tradisjonshandverk.
- erfaring innan bygningsvern, rådgjeving, forvaltningsoppgåver
- erfaring som kurshalder og/eller som prosjektleiar
- erfaring med bruk av nokon av følgande digitale verktøy: primus, Askeladden, ArcGis, CAD verktøy
- kommunikasjonsferdigheiter på engelsk
- kjennskap til kulturminnelova
Vi ser etter deg som er god til å møte og kommunisere med mange ulike menneske. Du lytter og setter deg inn i problemstillingar.
Du er god til å strukturere arbeidet og lage gode planar.
Du er flink til å prioritere mellom ulike oppgåver, samt koordinere og samarbeide med andre involverte parter.
Du held oversikt når du må sjonglere mange ulike oppgåver.
Du kan jobbe godt sjølvstendig og i team, og du liker å følge eit prosjekt fra a til å, med god framdrift og gjennomføringsevne.
Du finn gode løysingar på oppgåver der det krevs tilpasningar/kompromiss og du er fleksibel i høve endringar og oppgåver.
Den som blir tilsett må levere vandelsattest for arbeid med samlingar.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein spanande og utfordrande jobb på eit unikt museum, med godt arbeidsmiljø og varierte oppgåver.
- 100% fast stilling
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Lønn etter avtale/tariff.
- MUHO er ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Du finn oss i:
- Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
- Osterøy: Osterøy museum og Havrå
- Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter
MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift.
Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar.
Les gjerne meir på heimesida vår: muho.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aabebb43-20b7-43bb-8196-dafd43e002cd
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10270367
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Museum Vest
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen