Hopp til innhold

 Ledige helgestillinger ved Knarvik Sjukeheim, avdeling 2

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø, Kvernhushaugen 7, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Assistent eller faglært - helgestilling ved Knarvik Sjukeheim avdeling 2
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
5
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 19. oktober

Om stillinga

Det er no fleire ledige helgestillingar i avdelinga. Vi har årsturnus med planlagt arbeid og fritid for 52 veker. Ledige stillingar både kvar 3. helg, eller annakvar helg. Å jobbe helg hos oss, er viktige stillingar. Vi ser derfor etter deg som er motivert, stødig og stabil. 


Om avdelinga

Avdeling 2 har 29 pasientrom. Vi har todelt pasientgruppe, ei korttidsgruppe med pasientar som er her på tidsavgrensa og målretta opphold, og ei langtids- somatisk pasientgruppe som bur her fast. Det er naturleg å variere mellom begge gruppene når ein er tilsett her.  Avdelinga har mange flotte fagpersoner i sving kvar dag, og det er ei aktiv avdeling med eit godt fleirfagleg samarbeid. 

Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter.

Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter.


Arbeidsoppgåver

Assistere og rettleie, til gjennomføring av stell og pleie av pasientar etter individuelle behov

Planlegge og gjennomføre enkel aktivisering av pasient, i gruppe eller individuelt

Ta ansvar for ernæringsoppfølgning, enkel klargjering av måltider og assistere den enkelte pasient etter behov

Rutineoppgåver i avdeling med tildelt ansvar, t.d. postkjøkkenansvar, skylleromsansvar

Utføre oppgåver etter kompetanse, delegert frå andre. FKS. NEWS, vektkontroll, pårørandekontakt m.m. 

Dokumentasjon av helsehjelp i EPJ

Sørge for at avdelinga er ryddig og triveleg


Kompetansekrav

Det er ein fordel dersom du har fagbrev i helsefag, eller om du studerer helsefag. 

Har du liknande erfaring fra tidlegare jobb er dette også ein fordel

Krav: Beherske norsk språk munnleg og skriftleg


Kven er du?

Vi søker nye kollega til vår avdeling. Vi ønskjer arbeidsomme, og omsorgsfulle kollega som bidrar positivt i miljøet både med hensyn til pasientar, pårørande og kollega. Dersom du er student og ønskjer ei helgestilling, er dette ein perfekt mulighet til deg.  Avdelinga vår er aktiv, og det er gode muligheter for fagleg vekst. 


Vi tilbyr

  • Opplæring
  • Gode og omsorgsfulle kollega 
  • Årsturnus
  • Tilgjengeleg leiing
  • Fagleg spennande arbeidsoppgåver

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Solrun Tobiassen Albrechtsen

Einingsleiar Knarvik sjukeheim avd. 2

+4740907664

solrun.albrechtsen@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Såtabu og service senter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har sjukeheimsplassar fordelt på korttidsavdelinger og langtidsavdelinger for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

aa8ff9c4-52c9-4b9b-9df6-36e0a845388e

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10311733

Lignende annonser

Laster lignende annonser