Hopp til innhold

Lege i spesialisering - LIS3

Arbeidsgiver

Øre-nese-hals avdeling, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 22. september

🌟 Bli vår nye LIS 3 i Øre-Nese-Hals!

Vi har ledig fast stilling som lege i spesialisering (LIS 3) ved Øre-Nese-Hals-avdelinga på Haugesund Sjukehus. 
Vi søkjer deg som allereie har erfaring innan ØNH-faget, og som ønskjer å fullføre spesialiseringa di i eit fagleg sterkt, inkluderande og utviklande miljø. 

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med spennande faglege utfordringar, tett rettleiing og gode moglegheiter til å fullføre spesialiseringa di i eit inkluderande og kompetent fagmiljø. 

👉Send inn søknad og CV så snart som mogleg – vi gledar oss til å høyre frå deg.Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kenneth Kross på telefon 41141637 dersom du har spørsmål om stillinga.

Kva går jobben ut på?

Hos oss får du blant anna jobbe med:

  • Poliklinisk arbeid, der du får brei erfaring med utgreiing og behandling av ØNH-pasientar.
  • Operasjoner, med høve til å utvikle både kirurgiske ferdigheitar og fagleg kompetanse.
  • Administrativt arbeid knytt til pasientbehandling og utdanning.
  • Vaktarbeid, der du inngår i ei 5-delt vaktordning.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    Vi ser etter deg som har: 

    • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett.
    • Godkjent LIS-1 tjeneste.
    • Erfaring innan øyre-nase-hals (ØNH).
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
    • Interesse for fagleg utvikling og motivasjon for å fullføre spesialiseringa innan ØNH

    🌟Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • Har interesse for og engasjement innan ØNH-faget.
    • Er strukturert og har god evne til å prioritere arbeidsoppgåver.
    • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar i eigen kvardag.
    • Har gode kommunikasjonsevner, både i møte med pasientar og kollegaer.
    • Er initiativrik og bidreg aktivt til fagleg utvikling og gode løysingar.
    • Trivst i eit aktivt og til tider travelt arbeidsmiljø.
    • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. 
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, inkludert medlemskap i pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
    • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
    • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • Obligatoriske kurs i samsvar med utdanningsplanen for spesialiseringa
    • Eit sterkt fagmiljø som legg til rette for at du skal kunne fullføre spesialiseringa di på ein best mogleg måte

    Kontaktinformasjon

    Kenneth Wilfried Kross, Avdelingsleiar, 41141637

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5177128907
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Kenneth Wilfried Kross

    Avdelingsleiar

    41141637

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    aa628559-9c9c-4322-9657-be5929e32fb9

    Sist endret

    7. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    592ceb540447475aa25963462af756ea

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser