ID 2371 Prosjektleiar nettverkskoordinator - Tildelingskontoret
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Vil du vera med å utvikla eit råd for samarbeid og involvering mellom pasientar, pårørande og kommunen?
Stord kommune startar no opp eit spennande prosjekt for å styrka samhandlinga mellom helsetenestene og brukarane sitt nettverk. Målet er å mobilisera breiare og skapa eit meir heilskapleg og berekraftig støtteapparat rundt pasientar og pårørande. Mange pårørande står i ein krevjande kvardag - og me trur at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko.
Stord kommune søkjer prosjektleiar i 100% som Nettverkskoordinator for <<Råd for involvering og samarbeid>>, frå snarast og ut 2027.Stillinga er organisatorisk knytt til Tildelingskontoret
Om stillinga:Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar som vil vera med å utvikla, gjennomføra og koordinera ein modell for <<Råd for involvering og samarbeid>>. Du vil få ansvar for å etablera ein systematisk metodikk for samarbeid mellom helsetenestene, pasientar, pårørande og deira nettverk -- med mål om å skapa eit forventningsavklart og forutsigbart samarbeid. Du vil få oppgåver på både operativt og system nivå.
Arbeidsoppgåver:· Utvikling og koordinering av metodikk for involvering og samarbeid
· Etablering og drift av <<Råd for involvering og samarbeid>>
· Samarbeid med ulike aktørar i helsetenestene og brukarane sitt nettverk
· Strategisk og operative oppgåver
· Forvaltningsoppgåver
Kvalifikasjonar:· Høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag
· Andre med helseutdanning er også velkommen til å søkja
· Erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid er ei føremon
· Leiarerfaring og leiareigenskapar
· Erfaring med og resultat gjennom å nytta metoden "motiverande intervju" er relevant.
Personlege eigenskapar:· Gode samarbeidsevner og evne til å jobba tverrfagleg
· Interesse for brukar- og pårørandeperspektivet i helsetenestene
· Gode kommunikasjonsevner
· Du må vera fleksibel, løysing- og resultatorientert
Me kan tilby:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Kontaktperson: Einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 69 01/975 52 048
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aa35aa66-1914-472f-b7ae-a1c71d5610b3
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
aa35aa66-1914-472f-b7ae-a1c71d5610b3