Vil du være med å forme gjesteopplevinga? Bli vår nye Rooms Division Manager!
Brakanes Hotel by Fjordtind
Promenaden 3, 5730 Ulvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rooms Division Manager (Hotellsjef)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. november
Som Rooms Division Manager på Brakanes Hotel har du det overordna ansvaret for hotellet si romavdeling, som omfattar resepsjon, housekeeping og gjesteservice. Du vil vere ein nøkkelperson i å sikre høg kvalitet på gjesteopplevinga frå start til slutt, og vere tett på både drift og utvikling.
Du får ansvar for å byggje og følgje opp eit sesongbasert team, der skiftleiarane i avdelingen spelar ei viktig rolle i den daglege operasjonen. Du skal sørgje for at alle tilsette har god opplæring og utviklingsmoglegheiter, og vere ein trygg, tydeleg og tilgjengeleg leiar i kvardagen.
Stillingen rapporterer direkte til hotelldirektøren, og vil fungere som ein “nummer to” i leiinga ved hotellet.
Arbeidsoppgåver-
Leie og vidareutvikle resepsjon og housekeeping
-
Rekruttere, bemanne og følgje opp eit sesongbasert team med skiftleiarar
-
Personalansvar, inkludert opplæring, utvikling og medarbeidarsamtalar
-
Planlegge, organisere og sikre optimal drift av romavdelinga
-
Bidra til ei heilskapleg og genuin gjesteoppleving
-
Utarbeide og følgje opp rutinar for innsjekk, utsjekk og gjestebehandling
-
Budsjettering, kostnadskontroll og rapportering i respektive avdelingar
-
Aktiv deltaking i HMS og kvalitetssikring
-
Samarbeide tett med andre leiarar og bidra til eit sterkt teammiljø
-
total ansvar for vaktlistene i respektive avdelingar, samt timestyring internt i forhold til kvalitet og budsjett.
Vi ser etter ein person som:
-
Elskar utfordringar og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong
-
Er strukturert, effektiv og har stor gjennomføringsevne
-
Har erfaring frå leiing i hotell- eller reiselivsbransjen. Stort pluss er utdanning innan same felt.
-
Har sterk motivasjon for å utvikle både seg sjølv, andre og drifta generelt.
-
Har god forståing for service, vertskap og kundeoppleving.
-
er ein effektiv og sjølvstendig problem løyser.
-
Trives med ansvar og ønskjer å spele ei viktig og inspirerande rolle i leiinga
-
Kommuniserer godt på norsk og engelsk
-
Har erfaring med hotellsystem og digitale verktøy Vi nytter Mews, PMI, mm.
-
Ei sentral leiarstilling med mykje ansvar og påverknad
-
Ein spennande arbeidskvardag i vakre Hardanger
-
Moglegheit til å utvikle både deg sjølv og avdelingane vidare
-
Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø med stor takhøyde
-
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
-
Hjelp til å finne bustad ved behov
Er du klar for å ta steget inn i ei nøkkelrolle på Brakanes Hotel med verdas vakreste utsikt, rett frå fjordkanten innerst i Hardanger?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Om bedriften
Brakanes Hotel ligg idyllisk til rett i fjordkanten i Ulvik -- innerst i Hardanger. Med ei 165 års tradisjonsrik historie, blir natur, kultur og vertskap kombinert på ein måte som gjev gjestene ei heilt spesiell oppleving. Med nye satsingar på veg inn i 2026, styrkjer vi no leiargruppa og ser etter ein engasjert og strukturert Rooms Division Manager som vil vere med å løfte Brakanes Hotel til nye høgder.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9a9544c-e599-4c8d-9156-da7e97c9d431
- Hentet fra
FINN
- Referanse
431372057