Lærar 100% fast småskulen
Vindafjord kommune Skjold skule
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Me treng engasjert lærar på småskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Skjold skule søker deg som bryr deg om elevane, og som er oppteken av læring og meistring. Me veit at læring skjer best når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått - og når dei vaksne rundt dei samarbeider om same mål. Difor legg me stor vekt på tillitt, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne. Hos oss møter du ein engasjert og fagleg sterk kollegaflokk med høg trivsel. Me har gode høve for uteundervisning og praktisk læring. Skjold skule har eit flott uteområde, og ligg nær både sjø og fjell. Søk då vel, og kom til oss!!
Kva får du jobba med hos oss?- Undervisning i småskulen
- Være med på å rettleie elevar mot god sosial fungering
- Du får meiningsfulle oppgåver som gir barn gode føresetnadar for ein trygg skulekvardag
- Vera med og skapa eit trygt og strukturert læringsmiljø der alle opplever meistring og læring
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kontaktlærartillegg
- Godkjent lærarutdanning for grunnskulen
- Andre med relevant erfaring kan og søkje, men då vil stillinga bli mellombels.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Kan arbeida sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
- Er god på relasjonar med barn og vaksne.
- Omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
- Løysingsorienter og systematisk.
- Bidra positivt inn i skulen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a989f91f-0b0a-4eb1-b0cd-5707767f3708
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3551269_228563_nn