Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring OPK-AO Askøy vidaregåande skule
Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen særskilt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har ledig ein fast stilling som lærar på tilrettelagt avdeling.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er knytta til opplæring av elevar med særlege behov for tilrettelegging. Saman med andre lærarar og fagarbeidarar skal ein leggje til rette for, og delta i gjennomføringa av både kvardagslivstrening og opplæring i andre aktuelle fag for elevgruppa. Organiseringa kan vere både individuelt og i gruppe.Sentrale arbeidsoppgåver er:
Samarbeide med lærarar og miljøarbeidarar om å skape ein skulekvardag med læring, trivsel og utvikling for elevar med samansette utfordringar.
Planleggje og gjennomføre opplæring ein til ein og i lita gruppe.
Utarbeide individuelt tilrettelagte opplæringsplanar for kvar elev.
Anna elevretta arbeid
Samarbeid heim -skule
Samarbeid med andre faginstansar
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Det er til denne stillinga krav om spesialpedagogikk i fagkrinsen. Søkjarar som manglar pedagogisk utdanning og/eller deler av den yrkesteoretiske utdanninga er velkomne til å søkje på stillinga - på vilkår at ein starter på ein slik utdanning innan to år. Erfaring frå arbeid med elevar som har behov pleie og omsorg, og utfordrande åtferd vil bli vektlagt.Positivt elevsyn.
Den som blir tilsatt må ha gode kunnskapar og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
Personlege eigenskapar
Kunnskap og erfaring frå arbeid med mennesker med nedsett funksjonsevne, og med store og omfattande behov for tilretteleggjing. Evne til å bidra til ny læring uansett elevens kognitive fungering. Ha fokus på inkluderande undervisning og leggje til rette for at elevar med ulike føresetnader kan oppleve fellesskap.Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar. Du må være fleksibel, løysingsorientert og lojal i en travel kverdag. Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna.
Vi tilbyr
Eit stort mangfald i elevgruppa, og eit aktivt skulemiljø.Eit spennande, og godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og i avtaleverk.
.
Kontaktinformasjon
Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5023207189
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Petter Tønjum
avdelingsleiar
+47 97585981
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9663051-b327-4942-a2b9-8126097e5bc7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6103a5c1cd7647cea48ce6ec1337904e