Dagleg leiar Mila aktivitetssenter
Avdeling for helse, Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar Mila aktivitetssenter
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Vil du vere med å vidareutvikle Mila aktivitetssenter? Nissedal kommune søker etter engasjert og målretta dagleg leiar i 70 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 15. desember 2025.
Mila aktivitetssenter er ein inkluderande og kreativ møteplass for menneske med ulike behov, der aktivitet, fellesskap og meistring står i sentrum. Aktivitetssenteret ligg i Treungen og er ein del av Nissedal kommune si velferdsteneste. Som dagleg leiar får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle eit tilbod som gir brukarar av huset ein meiningsfull kvardag gjennom arbeid, sosialt samvær og tilpassa aktivitetar.
Hovudbrukargruppa ved Mila er bebuarar ved Kåsa bu- og avlastning. Du vil samarbeide tett med både brukarar, pårørande og fagpersonar for å sikre eit godt og heilskapleg tilbod. Mila har og eit lågterskeltilbod innanfor psykisk helse annakvar veke.
Det vil vere mogleg å auke stillinga opp mot 100 % ved å ta ei helg på Kåsa bu og avlastning.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift av Mila aktivitetssenter
- Leie og vidareutvikle Mila
- Tilrettelegge og gjennomføre aktivitetar i samarbeid med brukarar og kollegaar
- Samarbeide tett med Kåsa bu og avlastning, samt andre relevante tenester i kommunen
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanna innan helse og sosialfag.
- Anna relevant utdanning og/ eller erfaring vil også bil vurdert, f.eks. aktivitør.
- Ønskeleg med vidareutdanning i miljøarbeid eller psykisk helse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
- Strukturert
- Fleksibel
- God relasjonskompetanse
- Interesse for målgruppa
- Kreativ og evne til å tenke nytt
- IKT-ferdighetar
- Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle eit viktig tilbod i kommunen
- Tett samarbeid med kollegaar i tenesta.
- 10 års inngangsansiennitet for høgskulepersonell
- Ekstra lønnsstige på 22 års ansiennitet
Anna:
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Kontaktinformasjon
Hild Riseth Fjone, Avdelingsleiar helseArbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5007771214
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Hild Riseth Fjone
Avdelingsleiar helse
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a89c5c98-8c1c-4115-ad62-658d153ae7c0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e395aefee9c044cc926a0522f7b955b3