LÆRARJOBB I VAKRE OMGIVELSAR PÅ FJELLET!
Bykle kommune, Bykle
Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærarjobb i fjellheimen
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Skulen har moderne fasilitetar og svært god tilgang på analoge og digitale verktøy for både lærarar og elevar. Uteområda gir gode høve til praktisk læring, og klassestorleiken gjer det mogleg å nytte varierte undervisningsformer. Heile skulen har ein fast uteskuledag kvar veke, noko som gir rom for kreativ og naturbasert undervisning.
Vi legg stor vekt på skuleutvikling og eit trygt og inkluderande læringsmiljø, og vi ønskjer at læraren vår engasjerer seg aktivt i dette arbeidet. Lærardekninga er god, og du vil bli ein del av eit kompetent og engasjert kollegium.
Det er ledig 1 vikariat i 100% fram til 31.7.2026, moglegheit for forlengelse
Arbeidsoppgaver
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i samsvar med læreplanverket.
- Tilretteleggje for varierte og praktiske læringsformer, inkludert ein fast uteskuledag kvar veke for heile skulen.
- Skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø som fremjar trivsel og læring.
- Følgje opp elevar fagleg og sosialt, i samarbeid med føresette og kollegaer.
- Delta aktivt i skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
- Bruke digitale verktøy og ressursar i undervisninga.
- Bidra til godt samarbeid i kollegiet og med andre faggrupper.
- Vere med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar og arrangement for skulen.
Kvalifikasjoner
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.–7. trinn.
- Kompetanse eller vidareutdanning i spesialpedagogikk er ein fordel.
- Evne til å bruke digitale læremiddel og verktøy i undervisninga.
- Politiattest i samsvar med opplæringslova.
- Ønska kompetanse og eigenskapar
- Erfaring med klasseleiing og tilpassa opplæring.
- Kompetanse i bruk av digitale verktøy i undervisninga.
- Interesse for uteundervisning og praktiske læringsformer (vi har ein fast uteskuledag kvar veke).
- Evne til samarbeid og god kommunikasjon med kollegaer, elevar og føresette.
- Engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
- Personlege eigenskapar som struktur, fleksibilitet og initiativ
Personleg eigenskap blir vektlagt i vurderinga av søkjarar.
Personlige egenskaper
- Gode faglege og pedagogiske ferdigheiter.
- Evne til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Interesse for uteundervisning og praktiske læringsformer.
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga.
- Evne til samarbeid og kommunikasjon med kollegaer, elevar og føresette.
- Engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Ein skule med moderne fasilitetar og svært gode digitale verktøy.
- Varierte undervisningsformer, inkludert ein fast uteskuledag kvar veke for heile skulen.
- Moglegheit til fagleg utvikling og deltaking i profesjonsfellesskap.
- Nærleik til flott natur og gode fritidstilbod på Hovden.
- Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande avtalar.
- Hjelp til å finne bustad dersom det er behov.
- Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
- Bykle kommune er ein distriktskommune, og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i eit år avskriving på studielån på 25 000,- pr år
- Oppfølging av mentor for nyutdanna
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønsker ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Gisle Bonna Espedalen, Rektor/Virksomhetsleder, 91802014Arbeidsstad
Skulevegen 414755 Hovden i Setesdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: BykleReferansenr.: 5038327456
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Gisle Bonna Espedalen
Rektor/Virksomhetsleder
91802014
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a84ae3ac-f814-42af-b135-6be3f51ba3b1
- Sist endret
13. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ad2e603ad444662a75a425343d4fbdf
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kviteseid Skule
Sted
Kviteseid, Telemark
Lærar - Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Edland skule, Vinje kommune
Sted
Edland
Arbeidsgiver
Dyrebo Gårdsbarnehage A/S
Sted
Vegårshei, Agder