Kundebehandlar
Skyss
Lars Hilles gate, 5008 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. september
Ønskjer du å bidra til å gje gode kundeopplevingar for dei kollektivreisande i Vestland? Er du glad i
kundekontakt og trivast i ein hektisk arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vi har ledig stilling som kundebehandlar og søkjer deg som har ei utprega serviceinnstilling og gode
kommunikasjonsevner.
Kundeservice i Skyss er kollektivtrafikken i Vestland sitt ansikt ut, og eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket. Skyss er ei verksemd i stor endring og utvikling. Vi har eit krevjande samfunnsoppdrag og det er eit stort behov for å levere relevant og god kundeservice. Kundebehova endrar seg, og sjølv om bruk av digitale kanalar aukar, så aukar samstundes etterspurnaden etter god service i tradisjonelle kanalar som telefon, kundesenterskranke og gjennom skriftlege førespurnader. For å levere godt på dette oppdraget treng vi tilstrekkeleg kapasitet og god kompetanse i kundesevice.
Arbeidsoppgåver
Som vår nye kundebehandlar er du eit viktig kontaktpunkt for dei kollektivreisande i fylket, og eit av kollektivtrafikken i Vestland sine ansikt ut. Du er med på å gje kundane gode opplevingar og sikre god service i alle våre kanalar.
Du vil få ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver:
- Ivareta kundeførespurnader, innspel og samtalar i eit høgt tempo
- Aktivt bidra til at kundar tar i bruk digitale kanalar
- Levere kvalitet i arbeidet, og ta ansvar for å bidra til eigne og faggruppa sine mål
- Gi kundane nødvendig informasjon om rutetider, reisealternativ, betalingsmoglegheiter og eventuelle endringar i tenestetilbodet
- Bidra til digitalisering og kontinuerleg forbetring i kundeservice
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som har høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande innan administrative fag.
- Særs gode kommunikasjonsevner i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- God kjennskap til IT verktøy som Microsoft office
Det er ønskjeleg at du har erfaring med liknande arbeid innan kundeservice
Personlege eigenskapar
- I høg grad serviceinnstilt og oppriktig glad i å hjelpe mennesker
- God til å utarbeide, oppsøkje og finne informasjon
- Aktiv bidragsytar, løysingsorientert og god til å ta initiativ
- Sjølvstendig, positiv og imøtekomande
- Ønskjer å bygge opp kollegane rundt deg, og skape eit best mogleg arbeidsmiljø
- Trivast i eit hektisk miljø, med stadige endringar
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennanda stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Moglegheit for å utvikle seg fagleg
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad sentralt i Bergen sentrum på Vestlandshuset og Bergen busstasjon
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkjarar utan bachelorgrad, men med høg relevant realkompetanse kan og bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
- Du vil inngå i ein turnus med utgangspunkt i opningstida vår (mandag til fredag 07:00 til 19:00, lørdag 09:00 til 16:00, og søndag 10:00 til 16:00). Vi har søndagsope på helligdagar
Kontaktinformasjon
Merethe Huseklepp, faggruppeleiar kundeservice, 41234732, merethe.huseklepp@skyss.noArbeidsstad
Lars Hilles gateBergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5011353850
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7a9c092-f641-4ee7-b329-a205f07adfa4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9fd23a8b7b5740829a45f95e1dbc8a90