Hopp til innhold

100% vikariat som helsefagarbeidar / assistent ved Eidesbrotet bofellsskap

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

Sted

Eidesbrotet 25, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

 

100 % vikariat som helsefagarbeidar / assistent ved Eidesbrotet bufellesskap

 

Er du nysgjerrig på nye utfordringar? No har du moglegheita til å prøve noko nytt! Me har to ledige vikariat i 100 % stilling – perfekt for deg som ynskjer å utvikle deg fagleg, få ny erfaring eller utforske ei anna retning i karrieren. Det eine vikariatet har ei varigheit på 6 månader, og det andre på 12 månader.

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vårt oppdrag er å yte tenester med god kvalitet og leggje til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakaren skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.


Hovudarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid

  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver

  • Yte tenester etter gjeldande vedtak

  • Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø for alle


Me ser etter deg som

  • Har autorisasjon som helsefagarbeidar. Andre med stor interesse for faget og målgruppa vert òg oppmoda om å søkje (vil då bli tilsett som assistent).

  • Kan arbeide sjølvstendig, men òg fungerer godt i team.

  • Har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv til endringar.

  • Trivst med å vere i fysisk aktivitet.

  • Har grunnleggjande datakunnskapar og meistrar norsk godt, både skriftleg og munnleg.

Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget vert tillagt stor vekt. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. 


Me tilbyr

  • Ein spennande, meiningsfylt og lærerik jobb.

  • God opplæring og rettleiing.

  • Dyktige, hyggelege og løysingsorienterte kollegaer.

  • Arbeid i turnus med vakter kvar fjerde helg.

Det vert stilt krav om godkjend politiattest før tilsetjing.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Simona Jurkiene

Avdelingsleiar

+47 46905658

simona.jurkiene@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a74d90a7-e847-418c-9ae0-9ca9c488eca8

Sist endret

11. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3652675_250469_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser