Toårig prosjektstilling - «Next-generation research infrastructure for language and linguistics:»
UiT Norges arktiske universitet
Hansine Hansens veg18, 9019 Tromsø
Om jobben
Stillingstittel
Toårig prosjektstilling - TROLLing 2030
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Om stillinga
Ved Universitetsbiblioteket i Tromsø, UiT Noregs arktiske universitet (UB) er det ledig ei mellombels stilling som prosjektmedarbeidar i prosjektet «Next-generation research infrastructure for language and linguistics: TROLLing 2030».
Tromsø Repository of Language and Linguistics (TROLLing) er eit fagspesifikt arkiv for forskingsdata frå lingvistikk og språkfag, tilgjengeleg for forskara verda over. Arkivet blei lansert i 2014 og er gjennom den nasjonale CLARINO-noden ein del av den europeiske CLARIN-infrastrukturen. Det overordna målet med TROLLing 2030-prosjektet er å styrkja og vidareutvikla TROLLing, slik at det kan tilby det språkfaglege forskingsmiljøet, både nasjonalt og internasjonalt, eit moderne, påliteleg og fagspesifikt arkiv for forskingsdata. Forankra i Eallju – Drivkraft i nord: UiTs strategi mot 2030 og i UiTs overordna politikk for open vitskap er TROLLing eit viktig ledd i UiT sitt strategiske arbeid med å fremja open vitskap og utvikla feltet i nært samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.
Den ledige stillinga vil vera ein del av TROLLing 2030-prosjektgruppa ved UiT, som består av tilsette frå UB, Institutt for språk og kultur, og IT-avdelinga. Saman med dei andre medlemene i prosjektgruppa vil prosjektmedarbeidaren ha ei sentral rolle i gjennomføringa av dei fire arbeidspakkane («WP») i prosjektet:
- WP1 Future User Needs Analyses skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen dekkjer dei viktigaste behova til sluttbrukarar og støttepersonell.
- WP2 Service Enhancement and Development skal utvikla og forbetra funksjonane i tråd med resultata frå WP1.
- WP3 Engagement and Outreach skal sikra at den nye infrastrukturen får brei aksept og blir teken i bruk i dei relevante brukargruppene.
- WP4 Governance and Sustainability skal sikra at den oppgraderte infrastrukturen blir forvalta og utvikla på ein open, tillitsvekkjande, inkluderande og berekraftig måte.
Vi søkjer ein resultatorientert og omgjengeleg pådrivar med ambisjonar om å bidra til å vidareutvikla TROLLing til eit påliteleg og framtidsretta arkiv for språkdata i verdsklasse.
Den ledige stillinga er ei mellombels stilling i 2 år, med moglegheit for forlenging. Ønskt oppstart er januar 2026. Arbeidsstad er UiT i Tromsø.Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver kan til dømes vera:- kartlegging og analyse av brukarbehov og relevante krav, standardar og tilrådingar
- utforming av krav- og behovsbeskrivingar og tekniske kravspesifikasjonar
- utvikling og validering av testmetodar, (prototype)modellar
- utvikling og oppdatering av forvaltningsmodellar, policyar, retningsliner og andre rettleiings- og informasjonsressursar på nettsider og andre kanalar
- involvering av og samarbeid med forskingsmiljø
- utvikling og oppdatering av opplærings- og rettleiingsressursar
- førebuing, gjennomføring og evaluering av opplæringsøkter for støttepersonell og forskarar
- formidling og promotering av prosjektaktivitetar og -resultat
- administrative prosjektoppgåver
Stillinga er plassert på Avdeling for forskings- og utdanningsstøtte.
Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde og organisasjonstilhøyrsle vil kunna endra seg over tid. Dette stiller store krav til omstilling. Den som blir tilsett, må vera villig til å tilpassa seg slike endringar.
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar- høgare utdanning på minimum masternivå
- gode digitale kunnskapar og dugleikar. Vi ber søkjar om å beskriva sin digitale kompetanse i søknadsbrevet.
- erfaring frå prosjektarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk
- bakgrunn frå språkvitskap
- erfaring frå drift og utvikling av forskingsdataarkiv eller liknande støttetenester for forskingsdatahandtering
- erfaring frå forskingsarbeid
- erfaring frå formidling og undervisning/opplæring innan høgare utdanning
I vurderinga av søkjarane vil vi vektleggja i kva grad dei er motiverte og personleg skikka til stillinga. Vi søkjer kandidatar som
- jobbar strukturert og sjølvstendig og er løysings- og resultatorienterte
- har gode samarbeidsevner og kommuniserer og samhandlar godt med kollegaer og andre prosjektdeltakarar og sluttbrukarar frå ulike land og med ulik bakgrunn
- set seg raskt inn i nye oppgåver
- er positive og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- eit uformelt og godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstid
- gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar, t.d. trening i arbeidstida
- nødvendig opplæring
Stillinga blir lønt som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) etter statens lønnsregulativ avhengig av kvalifikasjonar. Frå bruttolønn blir det trekt 2 % pliktig innskot til Statens pensjonskasse.
Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse, som gir deg mange gode fordelar i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no.
Søknaden
Send søknad elektronisk på søknadsskjema. Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev
- CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
- vitnemål og attestar
- dokumentasjon på formell kompetanse
- dokumentasjon på språkdugleikar
- 2-3 referansar med kontaktinformasjon
All dokumentasjon som skal vurderast må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
UiT Noregs arktiske universitet har eit personalpolitisk mål om å vera ein arbeidsgjevar som speglar att mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen til befolkninga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Har du funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av for dette i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velja ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. Les meir i Statens arbeidsgiverportal.
Generelle opplysningar
Tilsetjinga skjer i samsvar med reglar og vilkår som til ei kvar tid gjeld for statstilsette, og retningsliner ved UiT. På nettsidene våre finn du meir informasjon for søkjarar til stillingar ved UiT.
Mellombels engasjerte eller vikarar som har vore samanhengande tilsett ved UiT over tre år, skal reknast som fast tilsette; jf. statsansatteloven, § 9 (3).
Ved UiT legg vi vekt på mangfald og oppmodar difor kvalifiserte søkjarar til å søkja utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode (hòl i CV-en).
UiT legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda for tilsette med redusert funksjonsevne. Førespurnader om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, helseteneste, høve for fleksitid, deltid o.l. kan rettast til kontaktperson for stillinga.
Personopplysningar som søkjar fører opp, blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Søkjarar kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista, men universitetet kan likevel vedta at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vil då bli varsla før offentleggjering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
UiT Noregs arktiske universitet er eit internasjonalt leiande breiddeuniversitet. Vår visjon er å vera ei drivkraft i nord. Det nordsamiske omgrepet eallju, som tyder arbeidsiver, set tonen for drivkrafta ved UiT. Saman med studentar, tilsette og samfunnet elles skal vi nyttiggjera oss vår plassering i Nord-Noreg og Sápmi, vår faglege breidd og tverrfaglege fortrinn for å forma framtida.
Vårt samfunnsoppdrag er å gje forskingsbasert utdanning av høg kvalitet og utføra kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking i heile spennet frå det grunnleggjande til det praktiske på høgt internasjonalt nivå. Vi skal formidla kunnskap om fagområda våre og bidra til innovasjon. Samfunnsoppdraget sameiner UiT på tvers av ulike studium, forskingsfelt og store geografiske avstandar. Det krev godt samarbeid med nærings- og samfunnsliv og internasjonale partnarar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7310d00-8a30-4766-b5d0-5c0bcfc7e0de
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261700