Hopp til innhold

Fengselsbetjent

Arbeidsgiver

Bergen fengsel

Sted

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Om jobben

Stillingstittel
Fengselsbetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
20
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 24. oktober

Bergen fengsel søkjar inntil 20 utdanna fengselsbetjentar

 

Me sjår fram til å ta imot søknad frå  nyutdanna så vel som erfarne betjentar. Har du høsta erfaring utanfor murane i nokre år er du velkomen til å søkje deg attende til  kriminalomsorga. 

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, men skal og ha  evne til å vere rollemodell og rettleiar, og å delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=yPsJr8Exqts

Arbeidsoppgåver

  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
  • personlege eigenskapars i trå med kriminalomsorga sine verdiar
  • evne til å kommunisera på engelsk

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • parkering, kantine, bedriftsidrettslag, treningsmoglegheitar og gode kollegaer
     
  • stillinga vert løna i stillingskode 0264 fengselsbetjent, årsløn mellom kr. 515 00,- 645 000,- avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet.
  •  Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Stine Marie Berger tlf. 55393603 

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om bedriften

Kriminalomsorgens samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve et kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon.

Les mer om vår virksomhetsstrategi her. Kriminalomsorgen består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS og fem regioner med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med
domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Bergen fengsel har fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a7218d45-4b60-4c17-ae02-1da6f3f16d6a

Sist endret

30. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10310722

Lignende annonser

Laster lignende annonser