Sjukepleiar, i inntil 100% fast st.
Gulen kommune
Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar, 100% fast frå etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 23. september
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå etter avtale. Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, men heile sona er arbeidsområde. Moglegheit for turnus med langvakter kvar 4. helg.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Vi tilbyr
Kommunen tilbyr, for tida, løn over tariff for arbeid i turnus, samt ekstra tillegg på helg. Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen.
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga starta 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde: www.regjeringa.no).
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a71e2cea-6a3d-4a00-b0fc-19c9a79a854f
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261499