Helgestilling personleg assistent - 30 % fast stilling
Vang Kommune
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
- Stillingstittel
- Helgestilling personleg assistent - 30 % fast stilling
- Oppstart
- 1. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 30%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Vang kommune søkjer kvinneleg assistent til fast helgestilling i Tilrettelagte tenester. Stillinga har arbeid kvar 4. helg.
Stillinga inngår i årsturnus med arbeid dag, kveld og helg, og har vakter på inntil 12 timar. Det kan bli aktuelt med noko høgare stillingstorleik.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid med fokus på meistring og livskvalitet
- Praktisk bistand, opplæring og veiledning i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 3-2
- Praktisk oppgåver (matlaging, husarbeid m.m.)
- Sikre brukarmedverknad i alle delar av tenesteytinga
- Samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan helsefag er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Erfaring frå arbeid med målgruppa
- Gode ferdigheiter i bruk av IKT og elektronisk pasientjournal
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (manuell)
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner
- Er lærevillig og open for utvikling
- Er fleksibel, løysingsorientert og nytenkande
- Er stabil, lojal og tålmodig
- Har gode fysiske forutsetningar ift. arbeidsoppgåvene
- Har evne til å planleggje og gjennomføre oppgåver sjølvstendig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er ein kollega ein kan stole på
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og variert stilling i eit inkluderande arbeidsmiljø
- God opplæring og fagleg rettleiing
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stillinga krev politiattest i tråd med helsepersonelloven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved intern tilsetting kan annan stilling bli tilbydd søkjarar, jf. HTA.
Kontaktinformasjon
Marita Østborg, Leiar bustadbasar Miljøtenesta, 90580097, marita.ostborg@vang.kommune.noArbeidssted
Tyinvegen 51612975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang KommuneReferansenr.: 5053155783
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
- Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a70c15e5-c00a-4747-97e3-d8fd61a5a304
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bed472d84b4745dabdb0756a7a6084f8
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vang Kommune
Sted
Vang i Valdres
Tilkallingsvikarer innen Tilrettelagte tenester
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Miljøtenesta
Sted
Vang i Valdres
Støttekontakt og avlastar i Tilrettelagte tenester
Arbeidsgiver
Vang Kommune, Miljøtenesta
Sted
Vang i Valdres