Hopp til innhold

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Arbeidsgiver

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 19. oktober

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus.

🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar. 

🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like.

Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss! 

Kva går jobben ut på?

    I denne stillinga vil du mellom anna:

    • Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar.
    • Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost.
    • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar.
    • Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
    • Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. 
    • Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona.
    • Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

    Kva ser vi etter hos deg?

    Hos oss er det viktig at du: 
    • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
    • er ryddig, strukturert og arbeider målretta
    • trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø
    • er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver
    • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine
    • er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling
    Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt.

    Kvifor skal du velje oss?

    • God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar.
    • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
    • Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver.
    • Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
    • Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling.

    Kontaktinformasjon

    Anne Ringe, Avdelingsleiar

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120
    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5189446571
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Anne Ringe

    Avdelingsleiar

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a6ae45e2-dfcd-440f-877e-82273c4cd590

    Sist endret

    5. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    09a01ea7a7b14f15917c929ad1caace7

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser