Sjukepleiarstudent/helsefagarbeidar - Vil du jobbe helg?
Gastroenterologisk og nyremedisinsk post - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarstudent/ helsefagarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid 18.96%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Hei du!
Ja, du som er student, helsefagarbeidar eller ferdig utdanna sjukepleiar. Vi veit at helgejobbing ikkje er for alle, men om du er ute etter ein givande jobb med gode kollegaer, kan dette vere noko for deg. Gastro-nyre sengepost på sjukehuset søkjer no etter nye kollegaer til helgestaben.
Om stillingane🔹Vi har ledig 2 x 18,96% stillingar der du jobbar kvar tredje helg. Ja, det betyr travle helger, men også masse tid til andre ting i veka.
Kven søkjer vi?🔹Sjukepleiarstudentar: Velkommen skal de vere! Her får du verdifull erfaring og moglegheit til å lære av dyktige kollegaer. Vi tilbyr også stipendavtalar om det er aktuelt.
🔹Helsefagarbeidarar: Du er viktig for oss! Vi treng deg som kan bidra med omsorg og praktisk hjelp til pasientane våre.
🔹Ferdig utdanna sjukepleiarar: Ønskjer du å jobbe litt ekstra? Her får du moglegheit til å halde fagkunnskapen ved like og bidra til eit viktig arbeid.
👉 Er du interessert? Grip sjansen og trykk på søk-knappen nå!Ta gjerne kontakt for ein uformell prat!
Kva går jobben ut på?
- Mottak og oppfølging av pasientar.
- Delta i dei oppgåvene som til ei kvar tid ligg til avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må vere i eit relevant utdanningsløp, eller ha den nødvendige autorisasjonen som krevs.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
- Vi er interessert i deg!
- Godt humør!
- Jobblyst.
Kvifor skal du velje oss?
- Gode kollegaer: Vi er ein samansveisa gjeng som støttar kvarandre.
- Ærleg tale: Ja, nokre vakter er tunge, men andre er fantastisk kjekke. Vi er alle i same båt, og saman kjem vi oss gjennom det.
- Opplæring i ditt eige tempo: Vi vil at du skal kjenne deg trygg og meistre oppgåvene.
- Du kan lese meir om avdelinga vår her: Kva gjer dei på Gastroenterologisk og nyremedisinsk post?
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jeanette Pedersen, Avdelingsleder Medisin A, +47 4795176101, jeanette.pedersen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5026689933
Stillingsprosent: 18,96%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a6541b99-b3ec-42a3-8ac8-8912e5054188
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e39eb152cc8141b5aa1ef4364cd8127c