Hopp til innhold

Tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde

Arbeidsgiver

Hjelpemidler, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen

Sted

Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad

Om jobben

Stillingstittel
tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig fire faste 100 % stillingar som tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag.

Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen er i utvikling, og vi ønsker å styrke både kompetansen og kapasiteten vår. Vi treng fleire dyktige tolkar som kan vere med på å sikre fagleg sterke og brukarvennlege tenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Ressursane skal hjelpe oss å møte eit aukande behov for tolkehjelp og vidareutvikle tolketilbod av høg kvalitet.

Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve, høyrselshemma og døvblinde.

Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.

Arbeidsoppgaver

  • tolking for døve og høyrselshemma, både oppmøtetolking, skrivetolking og skjermtolking, og tolking/ledsaging for døvblinde
  • bidra til fagleg utvikling av tenesta
  • tolking til og frå engelsk
  • rettleiing av praksisstudentar ved behov

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som har:

  • bachelor i teiknspråk og tolking eller tidlegare tilsvarande utdanning
  • førarkort klasse B, fordi tenesta er ambulant
  • gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg

 

Vi ønsker at du har:

  • god kompetanse i alle tolkemetodar
  • arbeidserfaring som teiknspråktolk, skrivetolk og tolk for døvblinde
  • gode datakunnskapar
  • gode ferdigheiter i engelsk, fordi vi også har oppdrag med tolking til/frå engelsk

Personlige egenskaper

  • Kommunisere tydeleg og samarbeide godt - du trivst i team og kan bygge gode relasjonar med kollegaer og brukarar.
  • Vere robust og ha god arbeidskapasitet - du handterer varierte arbeidsoppgåver og held hovudet kaldt i travle periodar.
  • Vise engasjement og vere serviceinnstilt – du møter brukarar med respekt og profesjonalitet, og jobbar målretta for gode resultat.
  • Jobbe effektivt og fleksibelt – du tilpassar deg endringar og taklar uventa hendingar med ro og løysingsorientering.
  • Ta ansvar for eiga fagleg utvikling – du er sjølvstendig og nysgjerrig og ønsker å halde deg fagleg oppdatert.
  • Etterleve reglar for offentleg forvaltning og krav til etikk – du har høg integritet og god forståing for rolla som offentleg tilsett.

    Vi legg stor vekt på kven du er som person og korleis du bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Om du blir tilsett hos oss, får du:

  • spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • fleksitidsordning
  • moglegheit for å trene i arbeidstida
  • moglegheit for hybrid arbeidskvardag
  • jobbe i trivelege lokale på Kokstad
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000,- til 693 999,- avhengig av utdanning og kvalifikasjonar

    For særskilt kvalifiserte søkarar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar vurderast.

 

Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg?
Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du får tilbod om stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla som kan gjere deg tryggare på at vi er ein god match.

Kontaktperson

Hans Jørgen Svabekk, avdelingsleiar, tlf. 92 66 31 11, e-post Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no

Kontaktinformasjon

Hans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar, 92 66 31 11, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no

Arbeidssted

Kokstaddalen 35
5257 Kokstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5176396958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Hans Jørgen Svabekk

Avdelingsleiar

92 66 31 11

Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a61f0fe2-e14c-4bcf-a9e5-8b24d35d491b

Sist endret

7. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

599e397ee22d4ce0ac9a8d92bbef39ca

Lignende annonser

Laster lignende annonser