Etterforskar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Molde politistasjon, Strandgata 2, 6415 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Etterforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Om stillinga
Ønskjer du å jobbe med etterforsking i eit etterforskarteam ved Molde politistasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig ei fast stilling og eit vikariat som etterforskar ut januar 2027. Det kan bli ledig fleire faste stillinger og vikariat.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking
- Identifisere, planleggje og gjennomføre etterforskingssteg i straffesaker
- Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
- Førebyggjande arbeid
- Gjennomføre straksetterforsking i samsvar med prinsippa til politiarbeid på staden (PPS)
- Krimvakt / publikumsmottak
- Bidra med rettleing og ved opplæring av politihøgskulestudentar/kompetansehevande tiltak ved eininga
- Beslagshandtering
- Ved interesse, er det moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning)
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring frå politistilling
- Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
- Erfaring frå etterforsking
- Etter-/vidareutdanning innan etterforsking
- Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
- Gode haldningar og samarbeidsferdigheiter, trivst med å arbeide i team
- Evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Strukturert, effektiv og ansvarsbevisst i arbeidet
- Ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ei utfordrande og spennande stilling i Molde politistasjonsdistrikt
- Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000
- For særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jamfør lokale retningslinjer.
- Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar, høvesvis for påtale, foperativ teneste, etterretning, førebygging og etterforsking, og utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Stillingane er for tida plasserte ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforskning i Molde politistasjonsdistrikt.
Seksjonen består i dag av seksjonsleiar og avsnittsleiar for etterretning og førebygging. Medarbeidarane er etablert i eit avsnitt og to team som samla sett har ansvaret for den generelle straffesaksporteføljen til seksjonen. I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Læring og utvikling står sterkt i fagmiljøet og dette skal førast vidare og forsterkast.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a57bc0e0-1f55-43dc-95cc-0c53294c88aa
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267144
Lignende annonser
Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Molde kommune Midsund omsorgsdistrikt
Sted
Midsund
Arbeidsgiver
Høgskolen i Molde
Sted
Molde
Vernepleier/sosionom/barnevernspedagog/sykepleier
Arbeidsgiver
Molde kommune Psykisk helse- og rustjenester
Sted
Molde