Barne- og ungdomsarbeider
Klepp kommune, Fagteam barnehage
Engrappstubben 1, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. november
Vil du vere med og skape gode dagar for barn?
Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstart snarast mogleg.
Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.
Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn.
Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Direkte arbeid med barn individuelt og i grupper
- Bidra til å skape trygge, gode og inkluderande miljø for barn
- Delta i gjennomføring av tiltak kring barn med særskilde behov
- Støtte barna i leik, læring og sosial utvikling
- Samarbeide tett med føresette og tilsette i barnehagane, og med tilsette og leiarteamet i Fagteamet.
- Bidra til at barna opplever meistring og fellesskap i kvardagen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Vidareutdanning innan spesialpedagogikk er ønskjeleg
- Anna relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt
- Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
- Førarkort klasse B
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss ein kollega som
- Møter barn med varme, omsorg og respekt
- Er til stades og byggjer trygge relasjonar
- Ser moglegheiter og ressursar hos kvart enkelt barn
- Samarbeider godt med både føresette og kollegaer
- Er positiv, engasjert og fleksibel
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap
- Har ei helse som er foreneleg med det å arbeida i barnehage.
Vi tilbyr
- Hos oss får du
- Eit viktig og meiningsfylt arbeid med barn
- Moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag
- Eit varmt, inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
- Varierte arbeidsdagar med høg grad av nærvær i arbeidet med barna
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Klepp kommune
- Tett oppfølgjing frå leiarteamet i Fagteamet.
Kontaktinformasjon
Trine Vika Tengesdal, Styrar, +47 93021953Arbeidsstad
Engrappstubben 14351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5209106548
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Trine Vika Tengesdal
Styrar
+47 93021953
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a3656094-c161-412e-9dfb-0a923a23818c
- Sist endret
11. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99dc5483867a4f1c837f9310adb9811d