Hopp til innhold

Vi søker to nye tekniske inspektørar i Bergen

Arbeidsgiver

Fjord1 AS

Sted

Kong Christian Frederiks plass 3, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest fredag 4. september

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og no søker vi etter nye inspektørar, ein i kvart segment. 

Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy og ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. 

Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer. 

Som teknisk inspektør vil du inngå i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Bergen, då ein kollega går av med pensjon, og ein anna kollega får nye utfordringar internt. 

Har du brennande interesse og kunnskap om ny teknologi innan hurtigbåt eller ferjedrift? Då er du den vi leitar etter!


Arbeidsoppgåver

Du vert ansvarleg for eigen fartøyportefølje, der oppfølging og kvalitetssikring er sentralt for å sikre at fartøya er teknisk operative til ei kvar tid. 

  • Teknisk oppfølging av fartøy.
  • Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald.
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem Amos.
  • Tett dialog med skipsfører og mannskap for planlegging og koordinering av oppgåver.
  • Budsjett- og økonomioppfølging.
  • Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap.
  • Reiseverksemd i samband med fartøybesøk og verkstadopphald. 

    Kven ser vi etter?

    Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss vil du ta ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.

    For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har:

    • høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro eller skipsteknisk drift
    • kjennskap til skip og maritim drift
    • gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
    • god kompetanse og er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
    • struktur og er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver
    • evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

    Gode grunnar til å velge oss!

    Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar. 

    Teamet i Bergen er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss! 

     

    Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!


    Kontaktinformasjon

    Henrik Øyen, Teamleiar teknisk, 41413726, henrik.oyen@fjord1.no
    Geir Hillersøy, Leiar teknisk drift, 90010855, geir.hillersøy@fjord1.no
    Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023, nina.liseth@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Kong Christian Frederiks plass 3
    5006 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5161991988
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 04.09.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Henrik Øyen

    Teamleiar teknisk

    41413726

    henrik.oyen@fjord1.no

    Geir Hillersøy

    Leiar teknisk drift

    90010855

    geir.hillersøy@fjord1.no

    Nina Eren Hovland Liseth

    HR rådgjevar

    +47 95152023

    nina.liseth@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    a30784ff-b432-4e7c-b42b-67708f91e139

    Sist endret

    10. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b2e60891e52d4c448d64eee3cea4715f

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser