Ledig stilling som helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar ved eining for funksjonshemma
Kviteseid Kommune Lundenjordet
Kviteseid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:
Helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar 100 % fast stilling ledig f.o.m. 05.01.26.
Arbeidstid: Turnus med arbeid kvar 3. helg, 35,5 t/v.
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Hva vi ser etter
Om stillinga:Som ein viktig del av teamet vårt vil du bidra til å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre. Du vil yte praktisk bistand, gje rettleiing og opplæring, og vere ein støttespelar for både bebuarar, pårørande og kollegaer. I tillegg vil du ha ansvar for dokumentasjon og tett samarbeid med andre faggrupper
Kvalifikasjonar:· Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
· Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
· Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
· Førarkort kl. B
· God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:· Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
· Evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
· Være fleksibel, strukturert og løysingsorientert
· Halde deg fagleg oppdatert
· Kreativ og glad i aktivitet
Arbeidsoppgaver
· Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
· Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
· Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande
· Dokumentere i fagsystem
· Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
· Tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
Vi har eit tverrfagleg team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lundenjordet er eit bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar i alderen 18+. Her finst 13 faste bustader og éin avlastingsbustad fordelt på fire bygg. Avlastingsbustaden er tilpassa born i alderen opptil 18 år.
Vi har eit tverrfagleg team beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, miljøarbeidarar og assistentar.
Lundenjordet ligg sentralt i smørauget av Kviteseid, med ein fantastisk utsikt over vakre Sundkilen. Det er kort gangavstand til butikkar, bryggja, arbeidsplassar og dagsenter, noko som er praktisk for mange av bebuarane.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a2f9a779-5d49-4ea3-90be-820efd958bda
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
a2f9a779-5d49-4ea3-90be-820efd958bda