Hopp til innhold

Overlege, spesialist i psykiatri  Regional avdeling spiseforstyrringar

Arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsbakken 15, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege, spesialist i psykiatri og/eller spesialist i barne- og ungdompsykiatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 4. oktober

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost og bistå med veiledning i vårt tverrfaglige Responsteam. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med overlege, psykologspesialistar/psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.   

RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt eit eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
  • Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Deltaking i bakvaktsordning for psykiatrisk klinikk
  • Rettleiing av LIS

Kvalifikasjonar

  • Godkjend spesialist i psykiatri
  • Erfaren lege i spesialisering (LIS 3) som snart er godkjend spesialist kan også søke
  • Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar
  • Søkar må meistre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team
  • Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå
  • Anledning til forsking
  • Deltaking i kompetanseprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet
  • Lønn etter avtale

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Knut Olaf Skårdalsmo, Avdelingssjef, 55958774
Anders Hartwig, Overlege, 48248507

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5181737007
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anders Hartwig

Overlege

48248507

Knut Olaf Skårdalsmo

Avdelingssjef

55958774

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a2ed4922-16af-453f-8113-cc2362f4e967

Sist endret

17. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4fe63557cb574582b61bade711112376

Lignende annonser

Laster lignende annonser