Off. godkjent sjukepleiar
Heimetenester, Ørsta kommune
Dalevegen 24, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 20. september
Er du sjukepleiar og vil vere med å utvikle ei bærekraftig og framtidsretta heimeteneste? Sjukepleiar med vidareutdanning i kreftsjukepleie vil vere ein fordel.
Heimetenesten i sentrum har ledig 1 x 100 % fast stilling og 1 x 80 % fast stilling.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar som vil trivast i eit hektisk miljø der ein må kunne omstille seg raskt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre gjennom heile vakta.
Vi sikrar fagkompetanse gjennom døgnet og året med oppgåvedeling og årsplanlegging med eige sjukepleiarteam.
Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for å kunne leve mest mogleg sjølvstendig liv. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg. Tenesten som blir ytt skal vere av høg kvalitet. Bruk av velferdstekologiske løysingar skal auke og tenesten er mottak for varsel knytt til all teknologi som er i bruk (t.d. tryggleiksalarmar, medisindispensar, døralarm, roommate). I drift nyttar ein digital arbeidsliste.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar.
Arbeidsoppgåver
- Utøving av helsetenester til heimebuande, utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
- Relevant arbeidserfaring er ein fordel
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nytta nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Du må ha førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- er engasjert, løysingsorientert og tek ansvar
- søkjer faglege utfordringar
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseheving gjennom e-læring, internundervising og kurs
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Vi tilbyr rekrutteringstilskot til nytilsette mot bindingstid.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr. 2- stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 246153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5010791815
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a2d121a4-3f3a-49f9-afb5-a18785b8b675
- Hentet fra
talentech
- Referanse
53aa02050b6f43faa9ad6752f9dd1229