Seksjonsleiar
Medisinsk sengepost 2, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som vil vere med å leie ein sengepost i kontinuerleg utvikling, med eit stort fagleg engasjement og eit breitt spekter av pasientar.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost 2 har mage/tarm, lunge, lungekreft og utgreiing som spesialisert fagfelt og samarbeider tett med Medisinsk sengepost 1 som har nyre, diabetes og endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt.
Om stillinga
Seksjonsleiar har einskapleg ansvar for fag, økonomi og personal og har avdelingssjef som næraste overordna. Det er tett samarbeid med lege- og sekretærtenesta på posten samt med seksjonsleiar og tilsette ved Medisinsk sengepost 1.
For stillinga, krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar. Det er ein fordel med god kjennskap til faglege og driftsmessige utfordringar i ein slik indremedisinsk sengepost og å ha vidareutdanning innan helseleiing.
Arbeidsoppgåver
- Einskapleg leiing med fag, personal og økonomiansvar i samsvar med Helse Førde sine prinsipp for leiing
- Oppgåveplanlegging og ressurfordeling
- Medarbeidaroppfølging
- Kompetansebygging / kvalitetssikring
- Månadleg rapportering vedkomande aktivitet og økonomi
- Budsjettarbeid
- Deltaking i leiarmøter i avdeling, klinikk og foretak
- Kvalitetsarbeid som inkluderer internkontroll, avvikshandtering, forbetringsprosjekt osv.
Kvalifikasjonar
- Vidareutdanning innan leiing, og/eller erfaring som fagleiar eller administrativ leiar i helsetenesta
- Sjukepleiefagleg kompetanse og god klinisk praksis
- God datakunnskap / tryggleik i bruk av dataverktøy
Personlege eigenskapar
- Må ha organisatoriske evner og like å samarbeide tett med andre
- Vere fleksibel og positiv, men også resultatorientert og beslutningsdyktig
- Kunne fremje god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
- Takle høg aktivitet og høgt tempo
Vi tilbyr
- Avdelinga tilbyr godt arbeidsmiljø og støttande samarbeid mellom seksjonane og avdelingssjef i medisinsk avdeling
- Spennande utfordringar
- Fagleg utvikling innan leiing og fag
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Magnus Midtvoll, Fung. avdelingssjef, (+47) 407 29 970, magnus.jarl.midtvoll@helse-forde.noArbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5008934508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a292d05d-3f4c-4a86-9e8b-f8bd67fe727b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32e7100bbd39428d80d748a146fd2471