Seniorrådgivar innan audiovisuelle løysingar
Departementenes digitaliseringsorganisasjon
Akersgata 59, 0180 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgiver innen audiovisuelle løsninger
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 14. oktober
Vi er DIO
Når det nye regjeringskvartalet opnar dørene i 2026, markerer det ikkje berre ein ny kvardag for departementa – det er starten på ei ny tid for heile statsforvaltninga. DIO er etablert for å vere ein drivkraft i dette skiftet.
DIO står for Digitaliseringsorganisasjonen til departementa. Vi vart etablert som ny etat i januar 2025. Oppdraget vårt er å bidra til effektiv forvaltning gjennom enklare digital samhandling, smartare ressursbruk, einskaplege og fleksible arbeidsformer, samt raskare og ansvarleg bruk av ny teknologi.
Vi har ansvar for det digitale økosystemet i det nye regjeringskvartalet – frå nettverk, IT-drift og brukarstøtte, til utvikling av ei ny felles digital plattform, profesjonell medieproduksjon og rådgiving innan teknologi, tryggleik og innovasjon. Vi legg til rette for at departementa skal lukkast med sine samfunnsoppdrag.
No søkjer vi deg som vil vere med og forme tenestene som skal leverast i hjartet av norsk politikk og forvaltning. Hos oss får du stor påverknad på den digitale kvardagen til departementa i dei nye regjeringsbygga. Dette er meir enn ein jobb – det er ei unik moglegheit til å vere med frå starten.
Vi ser etter deg som er trygg i faget, raus i samarbeidet – og som ser moglegheiter for å få ting til å fungere betre.
Kva blir dine oppgåver
Det er no ledig stilling som seniorrådgivar innan audiovisuelle løysingar i DIO. Som seniorrådgivar innan audiovisuelle løysingar i DIO vil du ha ei nøkkelrolle i utvikling, drift og rådgiving knytt til AV-teknologi og videokonferanseløysingar for møterom og arrangement. Du vil bidra til både strategisk utvikling og praktisk gjennomføring, og bidra til forvaltning og vidareutvikling av AV-utstyr og møteromstenester.
Stillinga inneber tett samarbeid med interne fagmiljø og eksterne leverandørar for å sikre stabile, effektive og brukarvenlege løysingar.
Du vil få ansvar for å:
- planleggje og dokumentere AV-løysingar: Prosjektere møteromsløysingar og sikre god teknisk dokumentasjon.
- koordinere drift og installasjonar: Følgje opp serviceoppdrag, leverandørar og interne ressursar for å sikre stabil drift.
- utføre teknisk vedlikehald og støtte: Montere, konfigurere og drifte AV-utstyr, videokonferanseløysingar, samt gi støtte ved møter og arrangement.
- utvikle rutinar og følgje opp brukarar: Utarbeide testplanar og tenesteskildringar, og handtere avvik og førespurnader.
- bidra med rådgiving og stedfortrederansvar: Gi fagleg støtte i seksjonen og vere stedfortreder for tenesteansvarleg ved behov.
Lista er ikkje uttømmande, og andre oppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde kan òg vere aktuelle.
Kven er du?
Vi søkjer deg som har:
- relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule eller fagskule. Særleg lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- relevant erfaring frå liknande rolle og arbeidsoppgåver innan audiovisuelle løysingar, møteromsløysingar og videokonferanseløysingar.
- god formuleringsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- god forståing for teknisk drift og brukarstøtte innan fagområdet
I tillegg er det ønskjeleg at du har:
- kompetanse og erfaring innan AV - og lydavvikling under arrangement
- erfaring frå graderte løysingar
- kjennskap til tenesteforvaltning
For å lukkast og trivast i DIO er du ein ansvarleg pådrivar som:
- samarbeider godt og lærer raskt: Du set deg effektivt inn i nye problemstillingar og bidreg positivt i ein variert og travel arbeidskvardag.
- arbeider strukturert og målretta: Du planlegg godt, prioriterer oppgåver og har god balanse mellom operativt arbeid og heilskapstenking.
- tek ansvar og deler kunnskap: Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg i samarbeid med andre, og bidreg aktivt til å styrkje teamet.
- er fleksibel og serviceorientert: Du ser når andre treng støtte og bidreg gjerne på tvers av oppgåver for å sikre gode brukaropplevingar.
- er initiativrik og teknologisk nysgjerrig: Du engasjerer deg i faglege utfordringar, søkjer løysingar og bidreg til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Kvifor jobbe i DIO?
Jobb tett på avgjerdene – og få ting til å virkeI DIO jobbar du tett på departementa og bidreg til at teknologi, tenester og støttefunksjonar fungerer saumlaust – slik at regjeringsapparatet kan gjere jobben sin. Du får moglegheit til å påverke digitale løysingar og tenester som er avgjerande for at Noreg skal styrast effektivt og trygt.
Arbeid med meining – kvar dagTenestene vi utviklar og drifter blir brukte dagleg av tusenvis av tilsette i departementa. Vi sørgjer for at møterom, samhandlingsløysingar, digital infrastruktur og brukarstøtte fungerer – og utviklar nye løysingar som gjer kvardagen enklare og tryggare for dei som styrer landet. Vi leverer òg profesjonell medie- og videoproduksjon til statsrådar og departement.
Inspirerande fagleg fellesskapDu blir ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø innan digitalisering, drift, innhalds- og medieproduksjon og IT-support – og ein organisasjon i utvikling. Vi jobbar tverrfagleg, deler kunnskap og byggjer ein kultur der det er rom for nysgjerrigheit, utvikling og godt samarbeid på tvers.
Tryggleik og fleksibilitet i kvardagenHos oss får du fleksibel arbeidstid, sommartid og ekstra fridagar i jula og romjula. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, og legg til rette for at du skal ha god balanse mellom arbeid og fritid.
Arbeidsstad i hjartet av OsloHovudkontoret vårt ligg midt i sentrum, i umiddelbar nærleik til det nye regjeringskvartalet.
Moglegheit til å påverke og utvikle deg vidareDIO er ein nyetablert etat i vekst. Hos oss får du ei unik moglegheit til å vere med og forme både eiga rolle og vår vidare retning. Vi ser etter deg som trivst i ein dynamisk kvardag og som blir motivert av endring og utvikling. Arbeidsoppgåvene dine kan bli justerte i takt med DIO sine behov – og dine eigne styrkar og ambisjonar.
Praktisk informasjon
Stillinga er for tida løna som seniorrådgjevar (1364) i lønsspenn frå kr 750.000 til 845.000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Tilsetjing føreset at den som blir tilsett kan sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELIG (H) etter krav i Sikkerheitslova, på tidspunktet for tiltreding.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om deg som søkjar bli offentleggjorde, sjølv om du har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista.
Vi er opptekne av mangfald
Grunnverdiane våre er å vere ein ansvarleg og raus pådrivar for positiv endring.
Vi trur at ved å omfamne mangfald og fremje ein inkluderande kultur, blir vi betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor. Folk med ulike bakgrunnar og perspektiv finn nye og kreative måtar å løyse oppgåver på – noko som er avgjerande for våre evner til å levere effektive og innovative løysingar. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søkje på stillingar hos oss.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i nemnde grupper må du oppfylle visse krav. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbsøkarportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Har du spørsmål om dette, kan du lese meir om Positiv særbehandling når man søker jobb i staten.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Seksjon for innhalds- og medieproduksjon består av 20 tilsette og har ansvar for å utvikle og produsere innhald som formidlar regjeringa og departementa sitt arbeid til samfunnet og departementsfellesskapet. Seksjonen leverer nett-TV, videoproduksjonar, samt lyd- og sceneproduksjonar under arrangement som pressekonferansar og konferansar.
Seksjonen gir rådgjeving og koordinering i produksjonsprosessar, og samarbeider med bestillarar for å formidle bodskap gjennom ulike kanalar – både offentlege og skjerma. Seksjonen forvaltar òg tenestene knytte til lyd, bilete og nett-TV-produksjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a23f6b7e-7158-4678-ad61-e641f55d9390
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264765