Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
6
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 4. november

Vil du jobbe med avansert intensivmedisin i et sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?

Haukeland universitetssjukehus søker intensivsjukepleiarar til fleire av våre spesialiserte intensivavdelingar. Hos oss får du anledning til å jobbe breitt innan intensivmedisin, i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland Universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd og smertebehandling. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet.
KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er Intensiv- og postoperativ avdeling med fire seksjonar; Intensivmedisinsk seksjon, Postoperativ seksjon, Postoperativ Glasblokkene og Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon.

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi gleder oss til å høyre frå deg!

Kvalifikasjonar (overskrift)

Postoperativ Glasblokkene her driftar vi over to etasjar, der U2 hovudsakleg er for vaksne pasientar (døgndrift) med eige kirurgisk mottak. Vi har pasientar innan fagfelta gynekologi og obstetrikk samt bryst- og endokrinologi. Utover planlagt kirurgi får vi pasienter med behov for øyeblikkelighjel fra de samme fagfelta. I U1 held vi ope mandag til fredag kl 08-18. Her overvakast primært barn, etter operasjon eller undersøking/behandling i narkose. I tillegg drifter vi to gonger i veka postoperativ overvaking i Augebygget.
No ønskjer vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. Hos oss får du ein variert og allsidig arbeidskvardag med både heildøgnspasientar og dagkirurgi. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagutviklingssjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart.
Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, tlf. 47515846.

KSK Postoperativ seksjon søkjar intensivsjukepleiarar til eit spennande fagmiljø med rundt 12 000 pasientar årlege. Hos oss møter du postoperative pasientar, traumepasientar og intensivpasientar, både vaksne og barn, innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde.
Vi tilbyr høg fagleg aktivitet, stor variasjon og eit arbeidsmiljø vi er stolte av. 
Bli ein del av laget vårt!
Vi har 3-delt turnus og jobbar 15 helgar på 52 veker, mogelegheit for langvakter.
Kontakt: Benedicte Vogt, tlf. 55972436.

Thoraxkirurgisk intensiv- og oppvakingsseksjon (TIO) ivaretar hovudsakleg nyopererte hjarte- og lungepasientar. Seksjonen behandlar òg kirurgiske og medisinske thoraxpasientar som treng avansert intensivbehandling, og har regionsfunksjon for behandling med VA-ECMO. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle deg fagleg både innan behandling av intensivpasienten og den postoperative pasienten. Det er om lag 60 intensivsjukepleiarar tilsett ved seksjonen.
Vi har no ei ledig fast stilling i 100 % tredelt turnus.
Kontakt: Grethe Teigen, tlf. 55972439.

Vil du jobbe der det verkeleg gjeld?
Intensivmedisinsk seksjon behandlar årleg rundt 600 pasientar, frå barn til vaksne, og tilbyr avansert intensivbehandling som respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, moderne utstyr og store moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi søkjer fleire intensivsjukepleiarar til faste 100 % stillingar i tredelt turnus.
Kontakt: Siril Iren Sagstad, tlf. 55972443/41454282.

Arbeidsoppgåver:
  • Overvaking, behandling og pleie av kritisk sjuke pasientar
  • Handtering av avansert medisinsk-teknisk utstyr
  • Samarbeid i tverrfaglege team med legar og anna helsepersonell
  • Ta vare på pasienten og dei pårørande sine behov i ein krevjande situasjon
  • Bidra til fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar og kollegaer
 Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som sykepleier
  • Videreutdanning i intensivsykepleie
  • Relevant erfaring fra intensiv, akuttmedisin eller lignende er en fordel
    Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum
  • B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Ved nokre avdelingar er det krav om å legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

 

Personlege eigenskapar: 
  • Evne til å arbeide strukturert og håndtere akutte situasjoner
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Ansvarsbevisst og faglig engasjert
  • Fleksibel og løsningsorientert
  • Interesse for faglig utvikling og ny kunnskap

Vi tilbyr:
  • Et sterkt fagmiljø med høy kompetanse og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Turnusordning med arbeid dag, kveld og natt 
  • Langvakter på nokre av seksjonane
  • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5197091714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a20f7463-2b74-436c-89f3-29883f213128

Sist endret

21. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

538d98d2df354162b51fef953eac528a

Lignende annonser

Laster lignende annonser