Lege i spesialisering endokrinologi, nyresjukdomar og infeksjonssjukdomar
Medisinske leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering endokrinologi, nyresjukdomar og infeksjonssjukdomar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. november
Har du lyst til å jobbe på ein av  Norges nyaste og triveligaste indremedisinske seksjonar?
Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjon, med spesielt fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø. I april flytta vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, 15 min. aust for Molde sentrum.
Medisinske legar består av ca. 60 legar, samt 19 LIS1 og vi har spesialistar i samtlege indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i indremedisin, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi har også ein eigen indremedsinsk seksjon kor også inneliggande pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar vert plassert.
Lege i spesialisering blir prioritert for opplæring og utdanning. Etter endt introduksjonsperiode vert du fulgt opp av rettleiar, med tid til rettleiing avsett i plan x 2/mnd, og med halvårlege vurderingskollegium. Du får god opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og i ultralyd for indremedisinarar. Du får og ein kollegafadder som kan støtte deg litt ekstra i starten. Vi har halvårlege prosedyre-treningsveker, og eit sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar (omtalt i Dagens Medisin). Samtlege LIS hos oss vil få moglegheit til å bli sertifisert. LIS får delta på kurs og konferanser. Hos oss er alle på laget like viktige, og du skal få gode moglegheiter for fagleg utvikling til det beste for pasientane våre.
Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og no har vi heilt nye lokaler. Vi har kaffe i koppen, fredagsbingo, god stemning og åpen-dør kultur.
Vi har to vaktsjikt for LIS, LIS3-juniorsjikt (15-delt) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjonskrava for LIS3-seniorsjiktet er totalvurdering i vurderingskollegium, 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er tilstade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilstade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikke må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.
Vi treng no å få tre nye Lege i spesialisering med på laget. Om du er interessert i endokrinologi, nyremedisin eller infeksjonssykdommer, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad da!
Vi ønsker flg. oppstart på stillingane: 1.1.26, 1.3.26 og den tredje i august 2026. Oppstart i stillingane etter avtale med leiar.
Oppgi kva spesialitet du søkjer på i søknaden!
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i gjeldende vaktordning
- Arbeid som LIS3 ved både sengepostar og poliklinikk
- Rettleiing og supervisjon av LIS1
- Du vil få mykje ansvar, men innafor trygge rammer
- God og systematisk opplæring i vaktrelatert arbeid, samt i ultralyd for indremedisinarar
- Med bakgrunn i eigne interesser tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanningen.
- Meistre norsk språk - skriftleg og muntleg.
- Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du jobbar godt aleine og i team
- Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
- Du er strukturert og fleksibel
- Du deltek aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
- Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
Vi tilbyr
Ei glimrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar i ein seksjon som verdset både fagleg spisskompetanse, men også generalist kompetanse
Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
Ein inkluderande arbeidsplass
Lønn etter gjeldande overeinskomst
Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleder (lege), ida.camilla.monn.birkhaug@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5030484241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- a19576b0-cd3e-4184-ba70-44192eea74d6 
- Sist endret
- 28. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- b8829e2d08d848f3b68c8594b9106ac6 
Lignende annonser
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Nevrologiske leger og klinisk nevrofysiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Hjelset