Ny utlysing: Velkomen til oss som barnehagestyrar!
Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Velkomen til oss som barnehagestyrar!
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du ein lagspelar med humor, fantasi, mot og engasjement, og i tillegg ein trygg og fagleg dyktig leiar med fokus på kvalitet i barnehagedrift? Då vil vi gjerne høyre frå deg! I Valle og Hylestad barnehagar arbeider vi for at alle, både barn og vaksne, skal oppleve meiningsfulle og varierte dagar med glede, meistring, leik og læring. Styrar i barnehagane vil vere ein del av leiargruppa til kommunedirektøren.
Som barnehagestyrar i Valle kommune vil du ha ansvar for to barnehagar med ein avstand på ca. 12 km mellom seg:
- Hylestad barnehage ligg på Nomeland i Hylestad og har ei storbarn- og ei småbarnavdeling med til saman 8 tilsette
- Valle barnehage er lokalisert i skuleområdet i Valle og har ei storbarn- og to småbarnavdelingar med til saman 11 tilsette
Vi ser fram til å møte deg!
Arbeidsoppgåver
- Leie barnehagane med fag-, personal-, budsjett- og økonomiansvar
- Sikre forsvarleg pedagogisk drift med høg kvalitet innanfor tilgjengelege ressursar, kommunale vedtak og gjeldande lovverk
- Vere ein leiar som sørger for at barnehagane utviklar seg og er i tråd med føringane i tida
- Koordinering, rettleiing og utvikling av medarbeidarar, og sikre at personalet får ta i bruk kompetansen sin
- Leie og følgje opp arbeidet med planlegging, dokumentasjon, vurdering og utvikling av innhald og arbeidsmåtar i barnehagane
- Sikre eit godt samarbeid og gode relasjonar med barn og føresette
- Sørge for eit godt samarbeid med tenester utanfor barnehagane, og bidra aktivt på tverrfaglege samarbeidsarenaer
- Delta aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe og bidra i prosjekt, delta på kurs og utføre oppgåver i samband med heilskapleg utvikling av organisasjonen
- Budsjettering og rapportering
Kvalifikasjonar
- Du må ha utdanning som barnehagelærar eller ha annan høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Det er ønskjeleg med leiarutdanning i tillegg.
- Du har erfaring frå leiarrolle i barnehage, og du må være villig til å ta leiarutdanning om du ikkje har dette dersom det skulle bli aktuelt
- Du har kunnskap om økonomi- og personalforvaltning og gjeldande lov- og regelverk for fagområdet
- Du har kunnskap om, og erfaring frå, bruk av relevante IKT-verktøy og digitale fagsystem
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Valle kommune nyttar nynorsk som språkform.
- Du har evne til systematisk og strukturert arbeid både når det gjeld fagleg drift og oppfølgjing av barn, tilsette og føresette
Personlege eigenskapar
- Evne til å sjå alle barn som verdifulle og sette deira behov i første rekkje
- Gode leiareigenskapar, slik som å
- vere bevisst leiarrolla di og like å leie andre menneskje
- kunne inspirere, involvere og motivere medarbeidarane dine
- kommunisere tydeleg og skape retning, engasjement og tryggleik
- arbeide systematisk med sjukefråværoppfølging og nærværsarbeid
- vere raus og løysingsorientert
- Like nye utfordringar og evne til å gjennomføre endringar
- Evne å balansere drift og utvikling på ein god måte
- God til å strukturere, planlegge og organisere
- Fleksibel og påliteleg
- Er bevisst eigne styrker og svakheiter og kan både gi og søkje støtte
- Evne og lyst til å bidra aktivt i møter og samarbeidsforum
- Stor arbeidskapasitet og kan handsame fleire og samansette arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ein kommune i utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- God barnehagedekning
- Full kulturskuledekning
- Ei triveleg bygd å bu i
- Løn etter avtale
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Vidar Homme, Kommunedirektør, +47 90018240, vidar.homme@valle.kommune.noAnn Christin Jacob, Leiar HR og eining Velkomstsenter, +47 99648040, ann.christin.jacob@valle.kommune.no
Arbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4660375090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.08.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2343779
- Hentet fra
talentech
- Referanse
36136f5947864fbcb1d9ba2d81f4c605