Kommunalsjef samfunn og utvikling
Samfunn og utvikling, Bremanger kommune
Granden 4, 6723 Svelgen
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunalsjef samfunn og utvikling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. januar
Bremanger kommune står framfor spennande moglegheiter innan samfunns- og næringsutvikling. Med sterke industri- og energimiljø, attraktive bu- og oppvekstområde og ambisjonar om berekraftig vekst søkjer vi ein engasjert kommunalsjef som kan vere med å vidareutvikle kommunen som ein attraktiv stad å bu, arbeide og investere i.
Som kommunalsjef blir du ein del av kommunen si øvste leiargruppe og rapporterer til kommunedirektøren. Du får ei sentral rolle i å utvikle kommunen sine tenester, infrastruktur og lokalsamfunn. Som kommunalsjef vert du ein pådrivar for utvikling og samhandling med næringsliv, innbyggjarar, politisk leiing og regionale samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver
Kommunalsjefen har det overordna faglege, økonomiske og personalmessige ansvaret for samfunns- og utviklingsområdet.
Du blir leiar for eit tenesteområde som mellom anna omfattar:
- Plan- og byggesaksforvaltning, landbruks- og viltforvaltning
- Kommuneplanlegging og samfunnsutvikling
- Kommunale bygg og eigedomsforvaltning
- Veg, vatn og avløp
- Reinhald og andre kommunaltekniske tenester
- Brannvern og beredskap
- Bustadsosialt arbeid og samarbeid med Husbanken
- Næringsutvikling, klima- og miljøarbeid
- Utviklings- og investeringsprosjekt
- Budsjett, økonomistyring og resultatoppfølging
- Leiing og utvikling av medarbeidarar og leiarar
- Førebuing av saker til politisk handsaming og oppfølging av vedtak
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein leiar med:
- Relevant høgare utdanning innan til dømes samfunnsplanlegging, offentleg administrasjon, juridiske fag eller andre relevante fagområde på minimum bachelorgradsnivå.
- Leiarerfaring med personal-, økonomi- og fagansvar
- God forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar
- Erfaring med økonomistyring og organisasjonsutvikling
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring frå samfunnsplanlegging, tekniske tenester, eigedomsforvaltning, næringsutvikling eller prosjektleiing vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som:
- Er strategisk og utviklingsorientert
- Er tydeleg, inkluderande og tillitsskapande
- Har god gjennomføringsevne
- Byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med andre
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Tom Joensen, rådmann, +47 47619641Arbeidsstad
Granden 46723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5212968822
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027
Kontaktperson for stillingen
Tom Joensen
rådmann
+47 47619641
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0c3ee9b-7dc5-4106-aad5-e1510e62950e
- Sist endret
23. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e322ab8efba840958890f753bd3d4963