Fagutviklingssjukepleiar
Mottaksklinikken/ Akuttmottak, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagutviklingssjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Ønskjer du å arbeide i eit spennande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse?
Akuttmottak har to fagsjukepleiarar, der den eine stillinga nå er ledig. Stillinga er 50% stilling som fagssjukepleiar i kombinasjonen med 50% stilling som sjukepleiar i Akuttmottak. Arbeid kvar tredje helg.
Akuttmottak er ei eining i Mottaksklinikken, vi samarbeider tett med dei andre einingane i Mottaksklinikken som er Kortidsposten, UMO 1 og 2 og Akuttposten. For å kunne møte dagens og fremtidas utfordringar, treng vi dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Akuttmottak har eigen fagsjukepleiar som følgjer opp nye tilsette med eige opplæringsprogram. Etter kvart som du får meir erfaring frå Akuttmottak er det mogleg å tileigne seg nye oppgåver. Akuttmottak tar imot pasientar frå dei fleste fagspesifikke avdelingar på sjukehuset, hjarte, lunge medisinsk, kirurgisk, nevrologi osv.
Akuttmottak er moderne og framtidsretta og har fokus på pasientar, pårørande og personleg utvikling for dei tilsette. I møte med pasientar og pårørande er sjukepleiar i samhandling med mange yrkesgrupper i sjukehuset.
Akuttmottak kan tilby ein variert, krevjande arbeidsdag og eit triveleg og lærerikt arbeid. Akuttmottak er moderne og framtidsretta og har fokus på pasientar, pårørande og personleg utvikling for dei tilsette. I møte med pasientar og pårørande er sjukepleiar i samhandling med mange yrkesgrupper i sjukehuset. Akuttmottak tar årleg i mot over 40.000 pasientar.
Arbeidsoppgåver
- I samarbeid med einingsleiar arbeide for at personalet har høg fagleg kompetanse
- Er ein del av leiargruppa i Akuttmottak
- Samarbeider tett med den andre fagsjukepleiaren
- Jobbe tverrfagleg
- Leggje til rette for kurs og fagutvikling, og dermed skape vekst for kvar enkelt tilsett
- Ansvar for undervising og fagleg oppfølging av kvar enkelte tilsett
- Oppdatere og utvikle fagprosedyrar etter gjeldande retningslinjer
- Systematisere kurs og utvikling
- Individuell oppfølging av kvar enkelte tilsett
- Leggje til rette for å heve den grunnleggjande kompetansen i avdelinga
- Ansvar for oppfølging av medisinsk-teknisk utstyr
- Fordel med kunnskapar i simuleringstrening
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha minimum 4 års erfaring frå arbeid i Akuttmottak
- Ha god IKT kunskap
- Gjerne ha erfaring frå undervising og leiing
- Vere fagleg dyktig og helde deg oppdatert på utvikling i faget
Vi tenker at du:
- Trivast med å arbeide i eit hektisk, tverrfagleg miljø
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Har respekt for den enkelte pasient og dei tilsette
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har høg arbeidsmoral blir forventa
- Har god kommunikasjonsevne og evne til å jobbe strukturert og målretta
- Er inspirator og pådrivar og kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr deg:
- Løn ihht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robert Nekkøy, Avdelingsleiar, 47270564Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5014109999
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Robert Nekkøy
Avdelingsleiar
47270564
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a0b59ca8-0e6e-4a2b-995d-d30e95fcc3c2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0e44d83d8d6e4e7fa591d529693a0861