Vil du vere med å skape framtida i Ryfylke?
Ryfylke IKS
Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar – Heim te Ryfylke
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. september
Ryfylke IKS søkjer ein engasjert prosjektleiar til satsinga Heim te Ryfylke. Dette er eit prosjekt som skal styrke rekruttering, tilflytting og attraktivitet i regionen.
Om prosjektetHeim te Ryfylke er ein av hovudsatsingane for rekruttering i Ryfylke. Det er ein digital portal som skal samle kommunar, næringsliv og frivillige krefter for å vise fram regionen som ein stad å bu, arbeide og leve. Prosjektet er ein del av Ryfylke IKS sin strategi for 2025--2030, der rekruttering og mobilitet er nøkkelen til framtidig vekst.
ArbeidsoppgåverSom prosjektleiar vil du få ansvar for å:
-
planleggje, koordinere og drive prosjektet framover
-
utvikle og gjennomføre tiltak for rekruttering og tilflytting
-
søkje om midlar og sikre finansiering av prosjektet
-
jobbe tett saman med dei andre ungdomsprosjekta i Ryfylke IKS
-
byggje nettverk og samarbeid mellom kommunar, næringsliv og frivillige
-
følgje opp økonomi, rapportering og framdrift
-
skape engasjement og synleggjere prosjektet i ulike kanalar
Vi ser etter ein person som:
-
har erfaring med prosjektarbeid eller utviklingsarbeid
-
har god digital forståing
-
kan skape gode samarbeid og engasjere andre
-
har evne til å formidle og kommunisere klart
-
er sjølvstendig, initiativrik og målretta
-
gjerne har kjennskap til Ryfylke og regionutvikling
-
ei spennande treårig prosjektstilling med moglegheit for fast jobb
-
varierte oppgåver og stor grad av fridom
-
gode heimekontorløysingar kombinert med flotte kontor på Hjelmeland
-
stor fleksibilitet i arbeidstid og i korleis oppgåvene blir løyste
-
gode lønsbetingelsar
-
moglegheita til å setje spor i utviklinga av ein heil region
-
Arbeidsstad: Sande Næringsbygg på Hjelmeland
-
Søknadsfrist: 18/9 2025
-
Kontaktpersonar: Ingrid og Andrea
Om bedriften
Hovudmåla til Ryfylke IKS er å
-
Skapa fleire arbeidsplassar og møte kompetansebehov i Ryfylke
-
Gjera regionen meir attraktiv for busetnad og næringsutvikling
-
Bidra til betre mobilitet og tilgang til sentrale funksjonar
-
Fremja samspel mellom kommunane og styrka den regionale utviklinga
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a040d1de-1d70-46bd-b64c-818f7875f560
- Hentet fra
FINN
- Referanse
425434559