Fagleiar rekneskap
Sentraladministrasjon Fjord kommune
Olavsgata 10, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar rekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vår gode fagleiar på rekneskap går av med pensjon og Fjord kommune søkjer difor etter ein dyktig og engasjert medarbeidar. Vi søkjer deg som har relevant utdanning og erfaring innan rekneskap, budsjett og analyse. Om du i tillegg er glad i å arbeide med tal og har lyst til å vere med på digitaliseringa av økonomifunksjon i Fjord kommune, er dette ei stilling du bør vurdere å søkje på.
Som tilsett vil du føre rekneskap etter gjeldande regelverk. Du vil ha ansvar for rutinebeskrivingar og dokumentasjon og vil bidra med å planlegge og gjennomføre rekneskapsføring, periodeavsluttingar og årsrekneskap. Saman med økonomisjef har du ei viktig rolle ved budsjettarbeid, arbeidsflyt og økonomisk oppfølging ute hos einingane.
Kommunen brukar Visma Enterprise som sitt økonomisystem og du vil bli vår nye superbrukar på Visma Enterprise og HRM systema.
Økonomikontoret er i dag organisert med ein økonomisjef, rekneskapsleiar, økonomikonsulent og lønnskonsulent. Avdelinga arbeidar tett med personalavdelinga og er lokalisert på Rådhuset i Valldal. Kommunen har nynorsk som målform.
Oppstart i stillinga i april er ønskeleg, men anna tidspunkt kan avtalast for å ha god overlapping med noverande person.
Alle søkjarar vil verte kontakta etter at søknadsfristen er ute og aktuelle kandidtar vert kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for føring av kommunerekneskapen
- Ansvar for oppfølging av regelverk og rutinebeskrivingar innan rekneskapsområdet
- Ansvar for å utvikle og implementere digitale og automatiserte løysingar innan rekneskapsområdt
- Bidra til å profesjonalisere rekneskapsfunksjon ved å utarbeide gode prosessbeskrivingar.
- Bidra til opplæring av brukarar i organisasjonen.
- Bidra i oppgåver som periodeavslutning, årsavslutning og kvalitetssikring av rekneskapen
- Støtte økonomisjef i saker for administrativ og politisk handsaming.
- Kontaktpunkt for kommunerevisjon
- Støtte- og gje råd til leiarane i Fjord kommune.
Kvalifikasjonar
- Høgskule-utdanning (bachelor eller høgare) innafor rekneskap og økonomi.
- Realkompetanse innafor fagfeltet kan erstatte formell kompetanse
- Erfaring frå kommunalt rekneskap er ønskeleg
- God systemkompetanse (visma, MS- produkter osb.)
- God språkleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Stor arbeidskapasitet
- Arbeider strukturert og effektivt.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Digital kompetanse
- Arbeide praktisk og vere løysingsorientert.
- Personlege egenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Vi tilbyr spennande og varierte oppgåver, der vi ønskar å legge til rette for ei fagleg utvikling. Du vil kome til ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
Fjord kommune har gode pensjonsordningar gjennom KLP. Tilsetting vil skje etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Lønn i samsvar med kompetanse og praksis.
Kontaktinformasjon
Dag Olav Tennfjord, Økonomisjef, +47 97175730Arbeidsstad
Olavsgata 106210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sentraladministrasjon Fjord kommuneReferansenr.: 4929608653
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2025
Om bedriften
Norddal kommune ligg vakkert plassert midt i Noregs flottaste fjordlandskap. Det er ein liten kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal som byr på store naturopplevingar, trygt nærmiljø og godt klima. Norddal kommune omfattar fem bygder som ligg spreidd rundt Norddalsfjorden. Kommunen har gode oppvekstvilkår med eit rikt kulturliv, godt skuletilbod og full barnehagedekning. Her er stor satsing opp mot natur, helse og velvære. Les mer her.
Norddal kommune er inne i ei spanande tid med kommunesamanslåing med Stordal kommune og skal frå 01.01.2020 verte Fjord kommune. Fjord vil vere ein demografisk liten kommune, men stor geografisk som kan tilby kommunen sine innbyggjarar og tilreisande eit breitt spekter av tilbod og mulegheiter. Les mer her.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2874345
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8e3e54c5784f4ff0b24f73c8bea6adca