Ph.d.-Stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-Stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 16. september
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPh.d.-Stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet
Det er ledig ei stilling som stipendiat i hydrologi og klimaendringar i fjellet ved Institutt for geovitenskap og Bjerknessenteret for klimaforsking, Universitetet i Bergen,. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Senter for fjell i endring, eit nytt tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse (TMF) og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Senter for fjell i endring har som mål å forstå og møte konsekvensane av klima- og miljøendringar i fjellområde. Med hovudfokus på dei skandinaviske fjella, samlar senteret klimaforsking, økologi, hydrologi, geovitskap og samfunnsvitskap for å utforske korleis fjellsystem endrar seg – og korleis vi kan byggje motstandskraft for framtida. Fjell er sårbare for globale endringar. Auka temperaturar, smeltande isbrear, endringar i nedbør og snømønster, endra biologisk mangfald og aukande menneskeleg påverknad er i ferd med å forvandle desse landskapa. Senteret har som mål å utvikle banebrytande kunnskap og praktiske løysingar for å verne fjelløkosystem og lokalsamfunn som er avhengige av dei. Gjennom fire samankopla forskingstema – Trendar, Sesongvariasjon, Ekstremhendingar og Motstandskraft – undersøkjer senteret langsiktige miljøendringar, sesongdynamikk, ekstreme hendingar og strategiar for berekraftig forvaltning av fjellområde. Senteret samarbeider tett med interessentar, inkludert nasjonalparkar, lokalsamfunn og næringslivspartnarar, for å sikre at forskinga er relevant, handlingsretta og har verknad. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon for Senter for fjell i endring i samarbeid med NORCE, NMBU og andre nasjonale og internasjonale partnarar.
Dette ph.d.-prosjektet undersøker korleis endringar i brear og klima påverkar det terrestriske vasskrinsløpet og bidreg til hydroklimatiske ekstremhendingar – særleg flaum – i fjellområde. Målet er å forstå langsiktige endringar i avrenningsregime og flaumbasert risiko ved å kombinere klimadriven (bre-) hydrologisk modellering med rekonstruksjonar av tidlegare flaumhendingar. Kandidaten skal bruke (bre) hydrologiske modellar for å simulere massebalanse for bre og snø, avrenning og ekstremhendingar frå 1500-talet og fram til slutten av dette hundreåret, basert på klimadata som er bias-korrigerte og nedskalerte. Rekonstruksjon av tidlegare flaumar frå innsjøsediment vil bli brukt til å samanlikne med modellresultat, for å vurdere modellane si evne til å gjenskape langsiktig flaumvariasjon.
Denne samanlikninga vil danne grunnlaget for meir robuste risikovurderingar for framtida under ulike klimascenario. Prosjektet vil utforske korleis breutbreiing, snødekket og eigenskapar ved nedbørsfelt påverkar straumvassdynamikk. Arbeidet vil støtte og vere i samsvar med annan forsking ved Senter for fjell i endring, inkludert prosjekt som fokuserer på sesongavrenning i brepåverka område og fjellområda si motstandskraft mot klimaendringar. Kandidaten blir ein del av senteret og eit tverrfagleg team med ekspertise innan geofag, klimatologi, glasiologi og hydrologi. Prosjektet vil òg samarbeide med nasjonale etatar som Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), noko som gir høg anvendingsverdi og tilgang til høgkvalitetsdata frå bre- og hydrologiske målingar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geofag, hydrologi, glasiologi, meteorologi, miljøvitskap, klimavitskap, eller eit nærliggande fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører graden innan 01.01.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumentert erfaring med hydrologisk og/eller kryosfærisk modellering, gjerne på nedbørsfelt- eller regionnivå, er eit krav.
- Gode ferdigheiter i statistisk analyse og handtering av store spatiotemporale datasett er eit krav.
- Ferdigheiter i relevante programmeringsspråk (t.d. Python, MATLAB, R) er eit krav.
- Kjennskap til nedskalering og bias-korrigering av klimadata (t.d. frå CMIP/PMIP) er ein fordel.
- Erfaring med paleomiljødata eller sedimentbaserte klimaproksiar (t.d. innsjøkjernar, flaumlag) er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide både sjølvstendig og i samarbeid i eit tverrfagleg forskingsmiljø.
- Søkjarar må ha framifrå skriftlege og munnlege ferdigheiter i engelsk.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga (maks 1 side)
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Lu Li, NORCE, e-mail: luli@norceresearch.no/ +47 56 10 75 35.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Mathilde Høgalmen (mathilde.hogalmen@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9fbf1f64-df06-4d54-a141-9a130b6d43ac
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260862