Rektor
Fjord kommune
Langereiten 23, 6215 Eidsdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. oktober
Som ein mindre skule har vi nærleik til elevane og gode moglegheiter for å sjå den enkelte. Vi legg vekt på læring, trivsel og fellesskap, og har eit tett samarbeid med føresette, lokalsamfunn og andre tenester rundt barn og unge. Gjennom målretta utviklingsarbeid arbeider vi for å gje elevane eit best mogleg grunnlag for vidare utdanning og livsmeistring.
Eidsdal skule er kjent for sitt innovative utviklingsarbeid gjennom satsinga Verdsarvskulen, der berekraft, kulturarv, natur og lokalsamfunn er integrert i læringsarbeidet. Skulen har gjennom mange år utvikla ein sterk kultur for prosjektbasert læring, samarbeid med lokalsamfunnet og aktiv bruk av nærområdet som læringsarena. Skulen har eit aktivt samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og samarbeidsskulen i Gustavus, Alaska (USA). Vidare er skulen medlem i UNESCO sitt ASPnet (Associated Schools Project Network) og i FN-sambandet sitt skulenettverk som godkjend FN-skule.
Som rektor får du høve til å vidareutvikle ein skule med ambisjonar for både læring, trivsel og berekraftig samfunnsutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle Eidsdal skule sitt lærings- og utviklingsarbeid i tråd med kommunen sine satsingar
- Utøve personalleiing og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Sikre god forvalting og kontinuerleg kvalitetsutvikling i tråd med gjeldande lov- og regelverk
- Ha ansvar for økonomistyring, budsjettoppfølging og resultatkontroll
- Fremje og sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette og relevante samarbeidspartar
- Delta i og leie tverrfagleg samarbeid for å styrkje barn og unge sine oppvekstvilkår
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
- Formell skuleleiarutdanning (rektorutdanning), eller vilje til å ta denne
- Erfaring frå skuleleiing, eller anna relevant leiarerfaring. Gjerne undervisningserfaring frå skule i tillegg
- Kunnskap om økonomistyring og bruk av IKT og teknologi
- Oppdatert kompetanse om forsking innan skuleutvikling og evne til å omsetje denne kunnskapen til praksis gjennom profesjonsfagleg samarbeid
- God kompetanse innan personalleiing og arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein leiar som:
- Skapar tillit, motiverer og bygg gode relasjonar
- Kommuniserer tydeleg, inkluderande og inspirerande for å engasjere medarbeidarar
- Er målretta, utviklingsorientert og handlekraftig
- Har erfaring med utviklingsarbeid
- Set elevane si læring, trivsel og utvikling i sentrum
- Samarbeider godt med leiarteam, tilsette, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Har god digital kompetanse og bruker teknologi for å fremje læring
- Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med kommunale vilkår
- Pensjon i SPK
- Ordning for sletting av studielån gjennom lånekassa (inntil kr. 25.000)
- Låg foreldrebetaling i barnehage (kr. 700 pr. mnd.)
Kontaktinformasjon
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830Arbeidsstad
Langereiten 236215 Eidsdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 5189479705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Mariann Ringdal Birkhol
Kommunalsjef Oppvekst og kultur
+47 41867830
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9fb4af5c-4bde-4bf8-adfc-6598bf9faa95
- Sist endret
5. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf103d8c66dc45da9afa3d9b3632fb16