Nynorskpraktikant i NRK. Få opplæring og praksis med løn!
3302 DVRR Nynorsk mediesenter, NRK
Storehagen 10, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nynorskpraktikant i NRK
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
To gongar i året tar NRK inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i NRK i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.
Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk, for vi ser først og fremst etter talent og potensial. Du får praktikantløn i heile perioden.
Vi ser rett og slett etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!
Slik er opplegget
Praktikanthalvåret er delt i tre fasar. Dei første to månadane får du opplæring på TV, nett og radio, og du produserer saker for NRK under tett oppfølging av faglærarar og journalistar. Dei neste to månadane lagar du stoff for nyhenderedaksjonen til NRK Vestland i Førde. Til slutt er det to månadar praksis i ein annan redaksjon i NRK.
Mediespråket er nynorsk.
Mange tidlegare praktikantar har no fast jobb i NRK eller andre mediehus. Nokon er programleiarar i NRK P1, P2 eller P3. Andre er TV-reporterar eller nettjournalistar på NRK.no, og vi finn og tidlegare praktikantar som jobbar som reporterar på distriktskontor. Det er dessutan fleire i andre medium som TV 2, VG og lokalaviser.
Kvalifikasjonane dine
- Du har fullført vidaregåande utdanning.
- Det er ein fordel om du har førarkort for bil.
Dette ser vi etter
Vi leitar etter engasjerte og samfunnsorienterte folk, gjerne med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn få andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.
- Du er topp motivert for å bli journalist og bruke nynorsk.
- Du må vere interessert i det som skjer i samfunnet og følge med på nyhende.
- Du må ha stå-på-vilje og like utfordringar og høgt tempo.
- Du har handlekraft og god gjennomføringsevne.
- Du har eit levande og godt språk, og ønsker å fortelle dei gode historiene.
- Du likar å samarbeide og dele kunnskap med andre.
Noko av det vi tilbyr
- Unik opplæring i eit operativt nyheitsmiljø.
- Løn som praktikant i heile perioden.
- NRK-journalistar som lærarar.
- Du blir rekna som intern NRK-søkjar i tre år etter avslutta opplæring, men det er ingen garanti for arbeid etter praktikanttida.
- Eit pulserande og ungt praktikantmiljø. Vi held til i Nynorskhuset saman med mellom andre Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.
Send oss ein søknad!
Skriv ein søknad som fortel noko om deg sjølv og kvifor du søker.
Legg ved ei lenke til ein video, der du fortel om noko som har skjedd deg i det siste. Videoen skal vere på maks 60 sekund. Bruk gjerne wetransfer.com eller ei anna enkel delingsteneste. OBS: pass på at videoen er open for mottakar, slik at vi slepp å be om tilgang.
NRK treng nynorskpraktikantar både i riksredaksjonane i Oslo og i distriktsredaksjonane rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du i søknaden skriv litt om kvar du kan tenke deg praksis.
Du må og legge ved attestar og vitnemål i søknaden.
Les meir om stillingane og opplegget på https://nynorskmediesenter.no/
Kontaktinformasjon
Rune Fossum Lillesvangstu, Leiar, 91874111, rune.fossum.lillesvangstu@nrk.noEva Marie Felde, Faglærar, 99548828, eva.marie.felde@nrk.no
Arbeidsstad
Storehagen 106800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NRKReferansenr.: 5015326152
Stillingsprosent: 100%
Praktikant
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 15.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9f3f22ef-690b-46ca-88d0-e1791019bced
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e61228f1ed540c8998d936e40d2fe8d