Driftsteknikar
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stryn kommune søkjer etter driftsteknikkar i 100 % fast stilling. Stillinga ligg under avdeling for kommunalteknikk og er ein del av etat for Samfunnsutvikling.
Avdelinga har funksjonane prosjekt, VA, park og grønt, bygg forvaltning, drift og vedlikehald og reinhald
Vi er på jakt etter ein sjølvstendig person med god kjennskap til drift og vedlikehald av bygningar. Du vil inngå i eit team på i alt 10 driftsteknikkarar/byggdriftarar inkl. arbeidsleiar. Store delar av stilllinga er knytt til bygg i Innvik, ca. 35 km frå Stryn sentrum. Oppmøte er normalt i Innvik.
Som driftsteknikkar i Stryn kommune er dagane varierte. Du vil delta i vanleg drifts- og vedlikehaldsarbeid av kommunen si byggmasse, anten åleine eller saman med andre.
Arbeidsoppgåver
- Hovudsakleg drift og vedlikehald av kommunal bygningsmasse (skular, barnehagar, institusjonsbygg, flyktninge- og sosialbustadar, m.m.)
- Oppfølgjing, reparasjon og kontroll av driftsanlegg og utstyr
- Det vil være høg grad av ambulerande verksemnd
- Oppføljing av internkontroll, FDV-system Famac WEB
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer primært ein person med fagbrev Byggdriftar, men ikkje eit krav. Anna handverkarutdanning, relevant erfaring og praksis vert vurdert
- Det er ynskjeleg at søkjar har kompetanse på drift av varme- og ventilasjonsanlegg
- Søkjar må kunne bruke IKT verkty i arbeidet med feilsøkjing og dokumentasjon
- Førarkort klasse BE
- Gode norskkunnskapar, skrifteleg og munteleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
- Evne både til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team
- Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap
- Initiativrik
- Positiv og gode sosiale eigenskapar
- Helse til å kunne stå i dei arbeidsoppgåvene stillinga krev
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein travel kvardag med utfordrande og varierte oppgåver i eit godt miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga vert avlønna i høve gjeldande tariffavtale og lokale avtalar, avhengig av utdanning og ansiennitet
- Vi tilbyr naudsynt opplæring i bruk av vårt FDV-system
Kontaktinformasjon
Harald Lunde, Driftsleiar, 90937120, harald.lunde@stryn.kommune.no
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4960336371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2025
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ec45994-04c1-456e-ac35-648154ebe406
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8750deac7c304482a1445594422f42f0