Vikariat som koordinator/rådgjevar
Rogaland fylkeskommune
Litlehagen 2, 5580 Ølen, Sandeidvegen 635, 5585 Sandeid
Om jobben
- Stillingstittel
- 100 % vikariat som koordinator/rådgjevar ved Ølen vgs, Haugaland fengsel avd. Sandeid
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
100 % vikariat som koordinator/rådgjevar for opplæringa Ølen vgs leverer i Haugaland fengsel avd. Sandeid
Frå 1. februar 2027 til 31. januar 2028 er det ledig stilling som koordinator/rådgjevar. I stillinga inngår rådgjeving, veiledning, budsjettkontroll, dagleg drift og samarbeid med kriminalomsorga. Arbeid med drift av matvogn er og tillagt stillinga. Det inngår ikkje personalansvar i stillinga. Den som vert tilsett må ha evne til å motivere innsette til å ta utdanning, fullføre grunnskule og vidaregåande skule.
Krav til stillinga:
- Relevant utdanning innan undervisning og/eller rådgjevning
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend utvida politiattest
- Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt
Me søkjer deg som:
- Tek initiativ overfor elevar, tilsette, skuleleiinga og fengselsleiinga
- Har gode relasjonelle og kommunikative ferdigheiter
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeidsevner, er samlande, tydeleg og har godt humør
- Er fleksibel og trivst med ein variert og hektisk arbeidskvardag
Me tilbyr:
- Moglegheiter til å vidareutvikle tilbodet skulen gir i fengselet
- Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode høve for fagleg utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
Korleis søkje:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase – Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i Rogaland, med rundt 4300 tilsette. Me jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med å bygge eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me tilrettelagt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Haugaland fengsel avd. Sandeid er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e7295f0-1b9a-48e2-b0bf-8bf43a8d39af
- Sist endret
23. oktober 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10313772