Rettleiar NAV, fast stilling
Suldal kommune NAV
Verven 1, 4230 Sand
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
50 % fast stilling som rettleiar ved Nav Suldal
Ein av våre erfarne medarbeidarar skal over i pensjonistanes rekkjer og i samband med det søkjer Nav Suldal etter ein ny medarbeidar. Nav Suldal ligg sentralt plassert i Gata på Sand og har for tida totalt elleve tilsette.
I Nav samarbeider stat og kommune om å tilby éi dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene. Nav sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremja overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skapa eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad.
Arbeidsoppgåver
- Gjeldsrådgjeving/økonomisk rådgjeving. Oppfølging av brukarar som har utfordringar med eigen økonomi, setja opp budsjett og rettleia i saker knytt til gjeldsproblematikk. Kontakt med kreditorar, samarbeid med namsmenn o.l.
- Sakshandsaming av Husbanken sine ordningar
- Kartlegging, rettleiing og tett oppfølging av menneske med samansette behov
- Saman med resten av kontoret bidra til at me utviklar stadig betre brukartenester og at kontoret når verksemdsmåla sine
- Tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar internt og eksternt
- Betene vertsfunksjon for publikum i opningstida til kontoret
Nav er i stadig utvikling, så endring av arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- Du har 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning innan økonomi og sosialfag vert føretrekt. Minst 3 års erfaring med direkte rettleiing av menneske med økonomiske utfordringar, kan kompensera for manglande utdanning
- Du har relevant erfaring innan rettleiingsarbeid og relasjonsbygging
- Du har gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg norsk (B2).
- Du har gode digitale ferdigheiter; kunne handtera ulike fagsystem og digitale oppfølgingsverktøy.
Me ønskjer i tillegg at du har:
- God økonomiforståing
- Erfaring med gjeldsrådgjeving i, eller utanfor Nav, eller erfaring frå arbeid med gjeldssaker hjå namsmannen
- Du har erfaring frå arbeidsretta brukaroppfølging/sakshandsaming i NAV, og kjennskap til Nav sine fagsystem
- Du har kompetanse på tverrfagleg samarbeid, nettverksbygging og arbeidsinkludering
Personlege eigenskapar:
- Evne til å motivera og skapa gode relasjonar, internt og eksternt
- Evne til å sjå moglegheiter og ha gode samarbeidsevner.
- Du er trygg og robust, og taklar ein samansett og krevjande arbeidskvardag.
- Evne til å jobbe målretta, nøyaktig og effektivt.
- Evne til å visa fagleg engasjement og dela kunnskap.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver med rom for fagleg og personleg utvikling
- Nyoppussa lyse og flotte lokale
- Eit inkluderande og varmt arbeidsmiljø med knakande kjekke kollegaar
- Løn i tråd med gjeldande avtalar
Har du spørsmål kan du kontakta leiar Anne Birkeland på telefon 922 51 603 eller e-post anne.birkeland@nav.no.
Oppstart 01.01.2026. Tidlegare oppstart kan også vera aktuelt.
Velkomen som søkjar hjå oss!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e20e125-676b-41a9-ba9a-f83107829de0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3547311_203785_nn