Sjukepleiar - 100 % fast - heimebaserte tenester
Tysnes kommune
Uggdalsdalen 8, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, 100 % - heimebaserte tenester
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Er du vår nye sjukepleiarkollega?
Me i heimebaserte tenester søkjer ein dyktig kollega til teamet vårt. Me gjer helsehjelp til menneske i alle fasar i livet og legg til rette for at innbyggarane kan bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, med høve til å jobbe sjølvstendig og i team - alltid med brukaren i sentrum. Me tilbyr god opplæring, rettleiing og fagleg utvikling gjennom kurs, internundervisning og refleksjoner i kollegagruppa.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust, og der me samarbeider godt, støtter kvarandre og finn løysinger saman i ein travel og variert arbeidskvardag.
Til denne stillinga ligg det oppgåver knytt til rolla som kreftkoordinator. Dette arbeidet kan variere frå veke til veke, men vil gjennomsnittleg utgjere omlag 20 prosent stilling. I denne stillinga vil du ha ei sentral nøkkelrolle for å få til gode, samanhengande og koordinerte tenester til innbyggarar som lev med kreftdiagnose. Dette gjer du gjennom å vere tydeleg, forståelsesfull, tilgjengeleg, nysgjerrig og ved å vite kven du må samarbeide med til ei kvar tid.
Me ber om at attestar, kursbevis og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.
Velkommen som søkar hos oss!
Arbeidsoppgåver
Oppgåver i heimetenesten:
- Utføre praktisk sjukepleie- og omsorgsoppgåver i samsvar med planer og individuelle behov.
- Fremje brukeren si eigenmeistring og bidra til tryggheit og livskvalitet i kvardagen.
- Planlegge, vurdere og koordinere tenester, samt iversette mål og tiltak i samarbeid med brukere og pårørende.
- Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid.
- Dokumentere og rapportere i fagsystemene.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Til rolla som kreftkoordinator ligg oppgåver som:
- Kartlegge, vurdere og koordinere tenestetilbodet til innbyggarar med kreftdiagnose i alle faser av sjukdomsløpet
- Ansvar for at pakkeløpet "Kreft hjem" blir fulgt opp.
- Dialog og ivaretaking av pårørande.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som:
- Har norsk autorisasjon som sjukepleier.
- Vidaretudanning i kreftsjukepleie eller palliativ omsorg er ein føremon.
- Erfaring med brukargruppen og arbeid med pårørande i alle aldrer.
- Erfaring med kollegarettleiing.
- God kjennskap til velferdsteknologi.
- Har førarkort klasse B
- God norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- bygger tillit og gode relasjoner med kollegaer, brukere og pårørende.
- er løysingsorientert og er vant til å jobbe med fokus på individuelt tilpassa tenester.
- ser og forstår heilskap i brukarane sin situasjon og er vant til å vurdere omsorgsnivå.
- er fleksibel og god på å prioritere oppgåver.
- er ein god lagspelar som også trivst med å jobba sjølvstendig..
- har gode haldninger, skaper arbeidsglede og bidreg til gode endringsprosesser.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobbe på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre brukere? Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordre deg sjølv, utvikle kompetansen din og bidra til noko som betyr noko. Du vil oppleve eit trygt og støttende arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Hos oss får du rammer som sikrer deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid i snitt kvar 3.helg.
Tysnes kommune legg vekt på å skape helsefremjande arbeidsplasser, og som tilsett hos oss blir du ein viktig del av satsinga vår på kvalitet og tryggleik i eldreomsorga.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordninger og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinnene går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlinger. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringer.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjera Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9dd6ccb4-03fc-407f-af96-a73093967013
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263799