Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren ingeniørgeolog!
Norconsult
Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. mars
Vi er for tida involvert i mange spennande oppdrag, og har eit særskilt behov for å auke kapasiteten vår i Sogn grunna stor oppdragsportefølgje som krev lokal oppfølging i felt. Vi søker difor etter erfaren ingeniørgeolog, ønskjeleg med minimum 5 års erfaring innan ingeniørgeologisk rådgjeving og prosjektering.
Du vil få ei sentral rolle i eit rådgjevarmiljø med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av alle våre kontor og regionar. Kontorstad vil primært vere i Sogndal, men andre kontorlokasjonar kan også vere aktuelle.
I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag 6 ingeniørgeologar/geologar, 3 av dei i Sogndal og 3 i Førde/Flekke. I tillegg har vi 3 geoteknikarar, 2 i Sogndal og 1 på Sandane. Du vil såleis inngå i ei større geofagleg gruppe både lokalt i Sogn og Fjordane, men også i Region Vest og elles i landet, der vi har eit tett samarbeid på kryss og tvers som sikrar god fagleg oppfølging og utvikling.
I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Ingeniørgeologane i Norconsult Sogn og Fjordane utfører rådgjevar- og prosjekteringstenester innanfor alle marknadsområde, hovedsakleg i tverrfaglege prosjekt (innan samferdsel, vasskraftanlegg, kontor- og næringsbygg, naturfare, industriutbygging, hamner og kommunaltekniske anlegg), men også i mindre geofaglige oppdrag. Som erfaren ingeniørgeolog i Norconsult vil du kunne vere fagansvarleg, oppdragsleiar og få moglegheita til å vere med i team som prosjekterer og løyser dei utfordringane som vi til ei kvar tid har teke på oss. Synfaringar og oppfølging av anlegg i felt under bygging, er også ein viktig del av arbeidet.
Vi er stolte av vår arbeidskultur og vårt sosiale miljø. Vi trur på at det å dele informasjon med kvarandre bidreg til å bygge kompetanse og kultur, og prioriterer ei «opa dør»-policy for både erfarne og yngre medarbeidarar. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan ingeniørgeologi, gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen, og med så mykje erfaring at du kan utføre oppgåver som nemnt nedanfor på ein sjølvstendig og god måte.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
Dine arbeidsoppgåver vil vere:-
Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
-
Ingeniørgeologisk prosjektering, som til dømes sikring av tunnelar/bergrom og ras/skredsikring i tilknyting til planarbeid og anleggsdrift for offentlege og private aktørar.
-
Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
-
Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
-
Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
-
Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
-
Erfaring med skredfarevurderingar vil telje positivt, men ikkje eit krav for stillinga
-
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
-
Er engasjert, positiv, initiativrik og motiverande
-
Er målretta og resultatorientert
-
Er fleksibel og ansvarsbevisst og likar å dele din kompetanse med andre
-
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team
-
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
-
Er innstilt på å ha heile Vestlandet som din arbeidsarena
-
Sivilingeniør (M.Sc.) med spesialisering innan ingeniørgeologi
-
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
-
Førarkort kl. B.
-
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
-
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
-
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
-
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
-
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
-
Gode lønns- og arbeidsvilkår
-
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
-
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
-
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
-
Fleksibel arbeidstid
-
Fri heile jule- og påskeveka
-
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med avdelingsleiar Arne Moen (mob.: 91 69 94 82), arne.moen@norconsult.com.
Norconsult Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2024). For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.Om bedriften
Gjennom nyskapende og målrettede råd har vi fokus på verdibasert samfunnsplanlegging, fremtidsrettede og bærekraftige løsninger. Årlig utføres over 20 000 oppdrag for offentlige og private kunder.
Sektor
Privat
Nettsted