Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag
- Type ansettelse
- Fast, deltid 26%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. november
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå.
Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.
Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent.
Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
- Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
- Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
- Praktiske oppgåver og dagleg drift
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
- Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
- Ved tilsetjing må gyldig politiattest leggast fram
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert og pasientorientert
- Respektfull i møte med pasientar og pårørande
- God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivst i eit aktivt miljø
- Etterspør og nyttar rettleiing
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innan sikkerheitspsykiatri
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.noBritt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5194649869
Stillingsprosent: 26%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d6683e4-8eef-403f-9383-b952326a32b7
- Sist endret
19. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a7e9fa19495427cae92f52fd430c895