Leiar for klinisk datakvalitet og strategisk ressursstyring
Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Vi søkjer ein leiar som kan utvikle område for overordna klinikkanalyse og kliniske indikatorar. Målet er å sikre prospektive strategiske prioriteringar for verksemda, og samstundes vareta og kvalitetssikre kvaliteten og oversikta over kliniske data, koding, kostnadskontroll og utvikling av kvalitetsdata.
Avdelinga vil bestå av analytikarar, økonomar og medarbeidarar med klinisk bakgrunn.
Avdelingsleiar for klinisk datakvalitet og strategisk ressursstyring vil samarbeide tett både med økonomidirektør og fagdirektør. I tillegg skal avdelinga ha eit aktivt og forpliktande samarbeid med klinikkane, for å sikre at innsikt frå praksis og fagmiljøa blir innlemma i arbeidet med datakvalitet, koding og ressursanalyse.
Kva går jobben ut på?
- Bidra til føretaket si overordna økonomiske berekraft ved å støtte investeringsavgjørelser med analyser og prognoser
- Sikre at dei økonomiske ressursane bidreg til å understøtte behova for:
- Klinisk utvikling, strategiske behov, gode arbeidsvilkår, god pasientsikkerhet, teknisk driftssikkerhet
- Sikre strategisk oversikt over klinisk drift for vurdere, prioritere og bidra til kontinuerlig forbetring av avdelingens prosessar og rutiner
- Utvikle datadriven innsikt og scenario for å støtte langsiktige kliniske og økonomiske satsingsområde, samt kostnadsoptimalisering
- Sikre at kodinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Etablere ny avdeling i samarbeid med økonomi- og finansdirektør, herunder rekruttering, og sikre ei organisering som varetek dei strategisk målsetjingane
- Leggje til rette for forbetringsarbeid internt i den nye organisasjonen og ivareta føringane forskrift for Leiing og kvalitetsforbetring
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Høgare utdanning. Mastergrad er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Ønskeleg med erfaring som leiar
- Kunnskap om medisinsk koding, innsatsstyrt finansiering, aktivitetsdata og pasientadministrative systemer er ein fordel
- Gode statistikk- og datakunnskaper
Kva ser vi etter hos deg?
- Sterk analytisk evne, god systemforståing og fagleg nysgjerrig
- Gode samarbeidsevner og tydeleg kommunikasjon
- Du har ei naturleg evne til å motivere teamet ditt og skape eit positivt og produktivt arbeidsmiljø
- Ha eit strategisk blikk og vere resultatorientert
- Sjølvstende og initiativrik
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Ei interessant stilling med rom for fagleg og personleg utvikling
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- God og livslang pensjon
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sølvi Apeland Rogde, Økonomi- og finansdirektør, +47 41294054Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5017031948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Sølvi Apeland Rogde
Økonomi- og finansdirektør
+47 41294054
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d2ca215-6798-4474-9844-1649439818b1
- Hentet fra
talentech
- Referanse
90dfb9a4a7214627aef718bb62dac142