Off. godkjent sjukepleiar
Hjørundfjordheimen
Øyragata 20, 6165 Sæbø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 4. oktober
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?
Ved Hjørundfjordheimen er det ledig fast 1x100 % og 1x80 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar.Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Ved avdelinga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden.
Vi er stolte at å vere ei heilttidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk. Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Vegleiing og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent sjukepleiar
- Relevant arbeidserfaring
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- er interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
- likar utfordringar og taklar raske endringar i arbeidsoppgåver
- er engasjert, løysingsorientert, tek initiativ og ansvar
- er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Faste fagdagar
- Moglegheit for å jobbe langvakter
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
- Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette mot bindingstid
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg
søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Øyragata 206165 Sæbø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5016616710
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d22945a-0b64-4f51-867c-4713d68cd5f5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8355d03e11044a3fbe835f3ef0bac6ec