Forskar i matematikk og kognitiv vitskap
Universitetet i Bergen
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Forskar i matematikk og kognitiv vitskap
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAForskar
Universitetet i Bergen (UiB), lyser ut ei stilling som forskar innan matematikk og kognitiv vitskap.
Stillinga er lagt til Institutt for samfunnspsykologi ved Det psykologiske fakultet, og er midlertidig frå 1. januar 2026 til 31. desember 2027. Stillinga inngår i prosjektet «Evolution of Cognitive Tools for Quantification (QUANTA)», som er finansiert av European Research Council (ERC) gjennom eit Synergy Grant til Andrea Bender (UiB), Rafael Núñez (ETH Zürich, frå 1. oktober 2025 ved UiB), Francesco d’Errico (CNRS Bordeaux) og Russell Gray (MPI, Evolutionary Anthropology, Leipzig).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- QUANTA-prosjektet er eit multinasjonalt og tverrfagleg prosjekt som undersøker når, kvifor og korleis menneske utvikla talsystem, og kvifor desse varierer så mykje mellom ulike kulturar. Prosjektet samlar forskarar frå fleire fagområde og institusjonar i studiet av framveksten av menneskeleg kvantifisering, telling og numeriske evner.
- QUANTA er eit seksårig prosjekt som starta i september 2021. Det er no lokalisert ved tre institusjonar — UiB, CNRS Bordeaux og MPI EVA Leipzig — som samarbeider tett og regelmessig. Det er moglegheit for alle forskarar i prosjektet med forskingsopphald ved dei andre institusjonane i prosjektet.
- Forskaren som blir tilsett vil vere ein del av UiB-eininga og ha arbeidsstad i Bergen (Noreg).
- Forskaren skal ha ansvar for å undersøkje i detalj det kognitive fundamentet for kvantifisering og talsystem i avsidesliggjande, ikkje-industrialiserte kulturar.
- Hovudrettleiar for denne forskarstillinga vil vere Dr. Rafael Núñez (for tida ved ETH Zürich, frå 1. oktober 2025 ved UiB).
Meir informasjon om forskingsprosjektet finn du på nettsida: https://quanta-synergy.org
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha doktorgrad i matematisk filosofi/historie (eller nærliggande fagfelt som matematisk kognitiv vitskap) før oppstart ved UiB.
- Søkjarar må òg ha ein grad (bachelorgrad, mastergrad eller tilsvarande) i matematikk.
- Søkjarar må ha kompetanse og dokumentert erfaring innan studiet av matematikk i eit kognitivt perspektiv.
- Erfaring med avansert statistisk dataanalyse er svært ønskjeleg.
- Erfaring frå feltarbeid med urfolk er sterkt ønskt og vil bli rekna som ei verdifull erfaring.
- Søkjarar må ha solid kompetanse innan kvantitativ dataanalyse og statistiske metodar.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og må vere villig og i stand til å samarbeide med andre. Erfaring med tverrfagleg samarbeid er særleg ønskeleg og vil bli rekna som ein fordel.
- Brei vitskapleg interesse utover eige fagfelt er forventa. Kjennskap til forsking innan numerisk kognisjon og/eller kulturell og kognitiv evolusjon vil bli rekna som ein fordel.
- Særs god engelskkunnskap, både munnleg og skriftleg engelsk, er påkravd.
- Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje i vurderinga av kandidatane.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Forskings- og reisemidlar
- Tilgang til vårt internasjonale nettverk av samarbeidspartnarar
- Eit venleg og ope forskingsmiljø
- Brutto årsløn som forskar (kode 1109) kr 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine, inkludert motivasjonen for å søkje, og korleis desse interessene samsvarar med den utlyste stillinga og dei overordna måla for QUANTA-prosjektet.
- Eit samandrag på éi side av doktoravhandlinga di (inntil 3 500 teikn).
- Ei framstilling på to sider av idear om korleis du kan bidra til forskinga som er spesifisert i stillinga, og til QUANTA-prosjektet generelt.
- CV
- Attesterte kopiar av vitnemål og karakterutskrifter, samt relevante diplom/sertifikat. (Søkjarar med utdanning frå land utanfor Skandinavia eller ikkje-engelskspråklege land må leggje ved vitnemål på både originalspråket og attesterte omsetjingar til engelsk.)
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar
- Fullstendig publikasjonsliste
- Liste over vitskapelege arbeid som du meiner bør takast med i vurderinga av søknaden, inkludert informasjon om kvar arbeida er publiserte.
- Kopiar av dei to til tre mest relevante vitskapelege publikasjonane som du meiner bør vurderast.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Dr. Rafael Núñez, ETH Zürich, rafael.nunez@gess.ethz.ch
- prosjektkoordinator i QUANTA Linn Solvang Aarvik, linn.aarvik@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cd62ba3-c5ab-42f2-8d47-9b78ad4b471e
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263796