Hopp til innhold

Extra Brattvåg_ søkjer butikkmedarbeider

Arbeidsgiver

Extra Brattvåg

Sted

6270 Brattvåg

Om jobben

Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 19. september

Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 70%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.

Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

**Våre forventningar til deg:**Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.Du må beherske norsk skrifteleg og munteleg

Vi kan tilbyvarierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef

Søknad og CV registrerast digitalt.

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 192 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9cabed59-4745-4d92-9b44-cf1d5c8a0b41

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

474755810

Lignende annonser

Laster lignende annonser