Klinikkleiar
Askvoll klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Askvollvegen 395, 6980 Askvoll, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Klinikkleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Vestland Fylkeskommune søkjer ein engasjert og tydeleg klinikkleiar for Askvoll klinikkområde i 100% fast stilling ledig frå 01.10.25. Klinikkområdet høyrer til Nord Tannhelseområde og består av Askvoll, Hyllestad og Hardbakke tannklinikk.
Askvoll klinikkområde består av Askvoll og Hyllestad tannklinikk, og Hardbakke ambuleringsklinikk. Desse klinikkane har eit tett samarbeid.
Askvoll tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Hyllestad tannklinikk har 1 tannlege, 1 tannpleiar og 1 tannhelsesekretær. På Hardbakke tannklinikk er det ingen fast bemanning, men personal frå Hyllestad eller Askvoll ambulerer etter behov. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldersgrupper, også mange vaksne pasientar fordi det er lite private tannklinikkar i området.
Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane, like nord for Bergen, og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Askvoll byr på alt det Fjord Noreg er kjent for, og strekkjer seg frå høge fjell i øst, til det vestlegaste bufaste øysamfunnet, Bulandet, i vest. Folket i Askvoll lever tett på naturen og elementa. Lyset er skiftande og vakkert, og solnedgangane magiske, heile året.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og føl målsetnadane til Vestland Tannhelseteneste
- Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
- Personalleiing
- Økonomistyring
- Klinikkleiar er ein del av områdeleiar si leiargruppe, og er forventa å delta aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for området
Kvalifikasjonar
Søkjaren bør ha tannhelsefagleg bakgrunn. Det er ein fordel om søkjaren har leiarutdanning eller
leiarkompetanse. Evt. blir det forventa at søkjar tar denne utdanninga innan 3 år etter tilsetting.
Det blir
gjort ei heilheitleg vurdering av søkjaren ved tilsetting i stillinga.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg, søknaden må være på norsk. Relevante dokument skal
vere oversett til norsk eller engelsk.
Den som skal tilsetjast må leggje fram politiattest.
Kompetent, open og modig er dei grunnleggande verdiane i Vestland Fylkeskommune, og skal være
grunnlag for all leiing.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- set pasientane i fokus for klinikkområdet sitt arbeid- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
- gjennom god leiingspraksis etablerer tillit og skapar samhald
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og gjennomfører administrative vedtak
- har gode kommunikasjonsevner
- har god gjennomføringsevne
- kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste er eit føremon
- evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, god kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiarane og områdeleiar
- løn etter avtale
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
- Alle nytilsetjingar vert gjort med 6 mnd prøvetid
Kontaktinformasjon
Siri Vold, områdeleiar tannhelse, siri.espedal.vold@vlfk.noArbeidsstad
Askvollvegen 3956980 Askvoll
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5006471675
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9c9d5449-6a42-4aef-a31d-89f81e457bf4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
83308c1048cf466dbac9b5906408edb9