Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i barnehagane i Suldal
Suldal Kommune
Suldalsvegen 1497, 4237 Suldalsosen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. oktober
Pedagogisk leiar i Vinjar barnehage avdeling Nesflaten frå 01.01.2027
Me ønskjer deg som set borna i fokus.
Om oss: Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar.
Avd. Nesflaten er den minste avdelinga i Suldalsbarnehagane lokalisert i bygda Nesflaten, denne avdelinga er ein del av Vinjar barnehage på Suldalsosen. Frå hausten 2027 skal Nesflaten driftast som oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO.
Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Er du klar? Me treng deg!
Kven ser me etter?
Kraftlaget -- kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt.
Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Andre opplysningar:
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Om bedriften
Suldal kommune Vinjar barnehage
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune -- eksotisk, aktiv og trygg!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9c5c1d28-9c62-4ee5-9b2d-e365ca76fe00
- Sist endret
8. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477790481