100% stilling som fagleiar Røldal pleie og omsorg
Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Vil du være med og utvikla framtidas helsetenester i Røldal pleie og omsorg ?
Vi søkjer fagleiar til heimebaserte tenester
Vi har ledig ein variert og spennande 100% stilling som fagleiar ved Røldal pleie og omsorg
Stillingstype: 100% fast stilling
Stad: Røldal pleie og omsorg heimebaserte tenester
Om arbeidsplassen
Om arbeidsplassen
Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.
Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.
Me treng fagleiar til heime tenestene i Røldal. Det er ca 20 årsverk i tenesta.
Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom/brukarar , 10 omsorgsbustader, 2 tenester for funksjonshemma og heimebuande.
Me ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta me gjev. Samstundes ønskjer me at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.
Me er her til det beste for brukarane våre.
Om stillinga
Heimebaserte tenester er i stadig utvikling og vi søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar fagleiar til vår teneste. Du vil ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, sikra god kvalitet og vere ein god støttespelar for kollegaene dine.
Som fagleiar får du ei nøkkelrolle i å sikre god fagleg kvalitet, og bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet vårt. Du vil samarbeide tett med verksemdsleiar, sjukepleiar,helsefagarbeidar og andre faggrupper, og være ein sentral ressurs i det tverrfaglege arbeidet.
Du vil også jobbe klinisk i heimetenesta og bidra til god pasientoppfølging
Stillinga er pr idag på dagtid 37,5t/v, men med atterhald at stillinga kan bli ein del av turnus med helg
Arbeidsoppgåver
fagleg rettleiing av sjukepleiarar og anna helsepersonell
oppfølging av kollegaer
bidra til utvikling og implementering av faglege rutinar og prosedyrer
samhandling med pårørande og andre samarbeidspartnarar
deltaking i tverrfaglege møte og fagutvikling
ansvar for opplæring av nytilsette ,lærlingar og studentar/elevar
klinisk arbeid i avdelinga
oppfølging og kvalitetssikring og internkontroll
Kvalifikasjonar
autorisasjon som sjukepleiar
erfaring frå heimebaserte tenester er ein fordel
vidareutdanning i geriatri, palliasjon og anna relevant fagområde
erfaring frå liknande arbeid eller leiarfunksjon er ønskt
digitale ferdigheiter
gode norskkunnskaper,både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
fagleg trygg og engasjert
evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig
gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
strukturert og løysingsorientert
evne til å inspirere og motivere andre
likar å jobba i eit til tider hektisk og variert arbeidsmiljø
Vi tilbyr
ei meiningsfull stilling der du får vere med å utvikle framtidas helsetenester
eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
mogelegheit for fagleg utvikling og kurs
god pensjonsordning gjennom KLP
løn etter gjeldande tariffavtale
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9bc316f6-5c56-46e8-a4da-e1e730e41dd8
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3539111_191027_nn